VKM-logo

Risikovurderingerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

Hygiene og smittestoffer

Vurdering av triklosan i forhold til utvikling av antibiotikaresistens

Rapportnr: 2007: 11

Bestilt: 04.12.2006

Publisert: 02.03.2007

Last ned hele rapporten arrow_downward

Hovedbudskap:

EU sin vitskaplege komité for konsumentprodukt (SCCP), presenterte ein Draft Opinion om triclosan 10. oktober 2006 (SCCP/1040/06). Denne rapporten vart laga etter førespurnad frå Mattilsynet, som ynskte ei ny evaluering av tryggleiken for triclosan etter at Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) utarbeidde sin rapport ”Risk assessment on the use of triclosan in cosmetics” i 2005.

I rapporten refererer SCCP til vitskapelege publikasjonar som hevdar at det ikkje er klårt demonstrert at bruken av biocidar som triclosan kan føre til auka antibiotikaresistens, sjølv om det er sannsynleg at ein slik samanheng eksisterer.

Ein av hovudkonklusjonane i SCCP-rapporten er at det ikkje er vist at triclosanbruk gir resistens eller kryss-resistens hos klinisk viktige bakteriar. På denne bakgrunnen bad Mattilsynet VKM, ved Faggruppe for hygiene og smittestoffer, gjere ei ny vurdering der ein tok omsyn til ny informasjon i SCCP-rapporten og nye vitskapelege publikasjonar som hadde kome til nyleg. 

Det skulle særleg leggjast vekt på spørsmålet kring utvikling av antibiotikaresistens.

Etter å ha vurdert SCCP Draft Opinion on triclosan, og ny vitskapleg dokumentasjon, konkluderer VKM ved Faggruppe for hygiene og smittestoffer med at det ikkje har kome fram nye opplysningar som skulle tilseie at konklusjonane frå rapporten dagsett 31. januar 2005 kan tilbakevisast. 

Vidare vert det godtgjort at bruk av triclosan kan føre til resistens mot antibakterielle middel (ko- og kryss-resistens) i klinisk viktige bakteriar.

Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM)

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 4404 Nydalen
0403 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummerr:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie