Plantevernmidler
Risikovurdering av metabolitten M44 av det aktive stoffet bixafen i plantevernmiddelet Aviator Xpro EC 225
Bestilt: 06.02.2015
Rapportnr: 2015: 10
Publisert: 11.06.2015
Hovedbudskap:
Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har på oppdrag frå Mattilsynet vurdert ny dokumentasjon frå søkar om helseeffektar av metabolitten M44 av bixafen. Bixafen er eit aktivt stoff i plantevernmiddelet Aviator Xpro EC 225.
Aviator Xpro EC 255 er eit soppmiddel til bruk i korn. Aviator Xpro EC 22 inneheld det aktive stoffet bixafen og det alt godkjende stoffet prothioconazole. Prothioconazole vart vurdert av Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) i 2006.
Når bixafen vert brote ned i kroppen vert mellom anna nedbrytningsproduktet (metabolitten) M44 danna. VKM gjorde i 2013 ei risikovurdering av Aviator Xpro EC 255 for Mattilsynet, og konkluderte med at metabolitten M44 har potensiale til å ureine grunnvatn. Seinare same år konkluderte VKM med at misdanningar observert hos kanin kan skuldast eksponering for metabolitten M44. VKM meinte òg at data frå søkar ikkje var tilstrekkeleg til å vurdere om metabolitten kan skade arvemateriale. Basert på dette avslo Mattilsynet å godkjenne Aviator Xpro EC 225 til bruk i Norge.
Søkar har no levert nye resultat frå ein in vivo-studie av metabolitten M44. Ein in vivo-studie vil seie ein studie gjort på levande forsøksdyr.
VKM konkluderar med at det ny-innsende forsøket, eit in vivo mikrokjerneforsøk på mus, i tillegg til måling av om stoffet er til stades i aktuelt organ, dokumenterar at M44 ikkje skadar arvestoffet.
VKM har vidare vurdert søkar sine argument og nye historiske kontrolldata, som er meint å vise at metabolitten M44 er ikkje skadar foster. VKM meiner at nye historiske data frå søkar ikkje endrar VKM sin tidligare konklusjon, som var at foster-misdanningar sett hos kaninar som var eksponert for metabolitten M44 kan skuldast eksponering for M44.
Andre populære artikler