Plantevernmidler

Miljørisikovurdering av plantevernmiddelet Infinito

Bestilt:

Rapportnr: 2012: 19

Publisert: 26.06.2012

Hovedbudskap:

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) meiner at
plantevernmiddelet Infinito inneber liten risiko for effektar på organismar som lever i jord og vatn. Viss middelet blir brukt på same areal over fleire år, vil det kunne ureine grunnvatnet og hope seg opp i jorda, går det fram av ei miljørisikovurdering som VKM har utført på oppdrag frå Mattilsynet.

Infinito er eit nytt plantevernmiddel som det er søkt om å innføre for sal i Noreg. Middelet skal beskytte poteter mot tørråte som skuldast bladskimmelsoppen Phytophthora infestans.

Det inneheld dei aktive stoffa propamokarb-HCl, som er allereie er godkjent for bruk i fleire produkt i Noreg, og fluopikolid, som er nytt her i landet.

Miljøeffektar

VKM meiner at fluopikolid og dei viktigaste stoffa som dette brytast ned til (metabolittar) kan vere svært stabile (persistente) i norsk jord og vatn. Det er grunnen til at dei kan bli akkumulert i jord og ureine grunnvatnet.

Særleg ein av metabolittane (M-01, 2,6 Diklorbenzamid, BAM) kan renne ut i grunnvatnet og gå over EUs grense for drikkevatn.

Behandling i VKM

Risikovurderinga er utarbeidd av VKMs faggruppe for plantevernmiddel og skal danne eit grunnlag når Mattilsynet skal behandle søknaden om godkjenning av plantevernmiddelet i Noreg.

Vurderinga byggjer på internasjonal vitskapleg litteratur og metodar.

Kontakt

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

The Norwegian Scientific Committee for Food and Environment

Send e-post

Andre populære artikler