Plantevernmidler

Helserisikovurdering av plantevernmiddelet Proman med det verksame stoffet metobromuron

Bestilt:

Rapportnr: 2015: 03

Publisert: 23.01.2015

Hovedbudskap:

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har på oppdrag frå Mattilsynet gjort ei vurdering av risiko knytt til plantevernmiddelet Proman med det verksame stoffet metobromuron. VKM konkluderer med at det er sannsynleg at dei kreftframkallande eigenskapane som er observert hos rotter er relevante for menneske.

Proman er eit nytt plantevernmiddel som inneheld det verksame stoffet metobromuron. Det er søkt om godkjenning for å bruke Proman som ugrasmiddel for poteter som vert dyrka utandørs.

Kan ha hormonforstyrrande eigenskapar

Forsøk på rotter har vist at eksponering for metobromuron aukar risikoen for brystkjertel- og Leydigcelle-svulstar. Desse svulstane finn ein i hormonfølsame vev. VKM meiner difor at metobromuron kan ha hormonforstyrrande eigenskapar, og at dei kreftframkallande eigenskapane som ein ser hos rotter kan vere relevant for menneske.

Fastsetting av akseptabelt dagleg inntak (ADI)

Studiar viser forsinka forbeining av brystbein og bortfall av forbeining av ribbein hos rotter som vert eksponert for metobromuron. VKM meiner dette er variasjonar og ikkje misdanningar. VKM er likevel einig med European Chemical Association (ECHA) om at redusert forbeining av ryggvirvel som gir opphav til såkalla «dumbbell-form» vert å rekne som misdanningar, og at dette bør takast omsyn til ved fastsetting av ADI.

VKM si faggruppe for plantevernmiddel har vore ansvarleg for risikovurderinga.

Kontakt

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

The Norwegian Scientific Committee for Food and Environment

Send e-post

Andre populære artikler