Genmodifiserte organismer - mat og fôr

Helse- og miljørisikovurdering av genmodifisert mais NK603 x T25 (EFSA/GMO/NL/2010/80)

Bestilt:

Rapportnr: 2011: 02

Publisert: 12.01.2011

Hovedbudskap:

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har på oppdrag for
Mattilsynet utført ei helse- og miljørisikovurdering av den herbicidtolerante maishybriden NK603 x T25 (EFSA/GMO/NL/2010/80) frå Monsanto. VKM har risikovurdert maishybriden til bruk i næringsmiddel, fôrvarer, import og vidareforedling. Søknaden gjeld ikkje dyrking.

Maishybriden NK603 x T25 er framkome ved konvensjonelle kryssingar mellom dei to genmodifiserte maislinjene NK603 og T25. Foreldrelinja NK603 har fått sett inn eit cp4-epsps-gen frå jordbakterien Agrobacterium tumefaciens, medan T25 inneheld pat-genet frå jordbakterien
Streptomyces viridochromogenes

Genmodifiseringa har gjort at plantane vil tolerere høgare dosar av herbicider som inneheld virkestoffa glyfosat og glufosinat-ammonium, samanlikna med konkurrerande ugras.

Komparative analysar

Analysar av ernæringsmessige komponentar er i hovudsak utført i tråd med OECDs konsensusdokument for mais (OECD 2002). I enkelte av parametrane som er analysert har Monsanto påvist signifikante skilnader mellom NK603 x T25 og kontroll, men verdiane ligg innanfor variasjonsområda for andre maissortar som er rapportert i litteraturen og for dei umodifiserte referansesortane som er inkluderte i dokumentasjonen frå søkjar.

Faggruppa påpeiker at søkjar ikkje har gjort analysar av vitamin C og furfural. Det understrekast at ein i størst mogleg grad skal følgje konsensusdokumentet når ein legg fram dokumentasjon på nivåa av næringsstoff, antinæringsstoff og metabolittar.

Faggruppa vektlegg at hovuddelen av maisforbruket i Noreg er som dyrefôr, og at mais til humant konsum utgjer mindre enn 1 % av energiinntaket både for vaksne og barn under eitt år. Dagleg inntak av sukkermais vil bidra med 0,5 % av dagleg tilråding for vitamin C ved inntak lik medianen (data frå Den norske mor- og barn-studien).  Ved maisinntak på 17,5 g/dag (97,5 % persentilen) vil ein dekkje ca 2,6 % av dagleg tilråding for vitamin C.

Når det gjeld dyrefôr blir det naturlege vitamininnhaldet i mais rekna for å vere utan betyding, då all
mais som blir nytta som fôr blir tilsett vitamin etter tilrådingane frå Mattilsynet. Tilsvarande blir krav til ernæringsmessig samansetjing av kornbasert barnemat oppgitt i vedlegg 1 i Forskrift om bearbeidet kornbasert barnemat og annen barnemat til spedbarn og småbarn (FOR 2002-10-18 nr 1185).
Faggruppa vurderer difor at eit eventuelt avvikande nivå av vitamin C i NK603 x T25 har ernæringsmessig lite å seie i Noreg.

Toksisitet og allergenisistet

CP4 EPSPS- og PAT-proteina, som kjem til uttrykk som følgje av genmodifiseringa, har ingen likskapar med kjente toksin og allergen, eller eigenskapar som tilseier at det vil verke som eit allergen eller toksin. Innhaldet av disse proteina i korn er ca. 0,01 % av totalt protein, og utgjer ein svært liten del av det totale proteininnhaldet.

Faggruppa finn det lite sannsynleg at eksponering av CP4 EPSPS- og PAT-proteina i seg sjølve og i dei mengdene som tilførast via genmodifisert mais er helsemessig utilrådeleg. Akutte 14-dagars fôringsstudiar (oral sondefôring) på mus med bakterieframstilt CP4 EPSPS- og PAT-protein viste ingen negative helseeffektar.

Vidare konkluderer ernæringsstudiar med broilare at maishybriden NK603 x T25 er lik umodifisert mais når det gjeld ernæring. Resultat frå sub-kroniske fôringsforsøk på rotter som er dokumentert i andre søknader, viser ingen skadelege helseeffektar ved fôring med fôr som inneheld NK603 og T25. 

Landbruksrelatert miljørisiko

Søknaden gjeld godkjenning av maishybriden NK603 x T25 for import, prosessering og til bruk i næringsmiddel og fôrvarer. Faggruppa har difor ikkje vurdert moglege miljøeffektar knytt til dyrking av maishybriden.

Med bakgrunn i tiltenkt bruksområde er miljørisikovurderinga avgrensa til moglege effektar av utilsikta frøspreiing ved transport og prosessering, samt indirekte eksponering gjennom gjødsel frå husdyr fôra med genmodifisert mais.

Det er ingen indikasjonar på auka fare for spreiing, etablering og invasjon av maishybriden i naturlege habitat eller andre areal utanfor jordbruksområde, som resultat av frøspill ved transport og prosessering. Noreg er i utkanten av dyrkingsområdet for mais, dyrkingsomfanget er svært avgrensa og det er ingen stadeigne eller introduserte viltvaksande artar som mais kan hybridisere med.

Kontakt

Merethe Aasmo-Finne

Fagdirektør miljø. Dr.Scient.

T: 93 06 22 72
Send e-post

Andre populære artikler