VKM-logo

Risikovurderingerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

Genmodifiserte organismer

Førebels helserisikovurdering av genmodifisert oljeraps MON 88302 (EFSA/GMO/NL/2010/87)

Rapportnr:

Bestilt: 30.03.2012

Publisert: 30.06.2012

Hovedbudskap:

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har kommentert søknaden om å tillate GMO MON 88302 (EFSA/GMO/NL/2010/87) og sendt innspelet til EU sitt mattryggingsorgan EFSA.

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) vurderer om genmodifiserte organismar utgjer ein risiko for helse og miljø når EU og Noreg vurderer om ein GMO skal tillatast eller ikkje.

VKM gjer risikovurderingane på oppdrag for Mattilsynet og Miljødirektoratet.

Noreg er tilknytt EU si godkjenningsordning for GMO. Noreg tek difor stilling til alle GMO-søknadene som EU behandlar. Dersom ein GMO vert godkjent i EU, kan det også søkjast om godkjenning i Noreg.

Vurdering av dokumentasjon

Firma som søkjer om godkjenning av GMO-ar må leggje fram omfattande dokumentasjon for kvar GMO.

Styresmaktene i EU og Noreg har gitt EFSA (EU sitt mattryggingsorgan), VKM og andre risikovurderingsorgan i oppgåve å vurdere kvaliteten på dokumentasjonen og gjerne risikovurderingar av GMO-ar som søkjast godkjent.

GMO-søknader sendast først til EFSA. Når EFSA starter arbeidet med søknaden, får landa i EØS tre månader til gi kommentarar til EFSA.

Innspel frå VKM til EFSA

VKM har fått i oppgåve av Mattilsynet og Miljødirektoratet å kommentere søknadene i form av innspel til EFSA. Innspelet er basert på ein gjennomgang av dokumentasjon frå søkjer og vurdering av relevant uavhengig vitskapleg dokumentasjon.

I samband med EFSA si offentlege høyring, skal VKM, i tillegg til innspel til EFSA-nett, gjere førebelse helse- og/eller miljørisikovurderingar av GMO-en. VKM utarbeider endelege risikovurderingar først etter ei eventuell godkjenning av søknaden i EU.

VKM har gjort førebelse risikovurderingar av dei fleste av GMO-ane som EU har vurdert.

For GMO-søknaden EFSA/GMO/NL/2010/87 har VKM kommentert søknaden og sendt innspelet til EFSA-nett. VKM har ikkje gjort ei førebels risikovurdering.

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 4404 Nydalen
0403 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummerr:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie