VKM-logo

Risikovurderingerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

Dyrehelse og dyrevelferd

Risikovurdering, Infeksiøs lakseanemi (ILA)

Rapportnr: 2007: 01

Bestilt: 28.08.2006

Publisert: 21.01.2007

Last ned hele rapporten arrow_downward

Hovedbudskap:

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har overlevert ein rapport til Mattilsynet, der ein svarer på ei rekkje spørsmål om fiskesjukdommen Infeksiøs lakseanemi (ILA). Arbeidet er utført av ei ad hoc-gruppe, og rapporten er òg behandla av VKM si faggruppe for dyrehelse og dyrevelferd. Faggruppa støttar ad hoc-gruppa sine konklusjonar i rapporten.

Spørsmåla ein har forsøkt å svare på, omhandlar enkelte eigenskapar ved viruset og sjukdommen, smittevegar og sporing av smittekjelder. 

Ad hoc-gruppa vurderer at ein ikkje kan utelukke vertikal overføring av ILA-virus. Derimot er ein ikkje i stand til å estimere eventuell effekt på spreiing av sjukdom som ei følgje av mogleg vertikal overføring av virus. 

Dagens kunnskapar om genetiske eigenskapar hos dei enkelte stammane av ILA-virus blir brukt i fylogenetiske studiar, men ad hoc-gruppa vurderer dei til å ikkje vere tilstrekkelege for sikker sporing av virus og smittekjelder. Epidemiologiske opplysningar innhenta for dei enkelte sykdomsutbrota er også naudsynt for å kunne vurdere dette. 

Ad hoc-gruppa meiner at brønnbåttransport er ein viktig risikofaktor for spreiing av ILA-virus. Ein vurderer at ILA-virus kan vere infektivt i miljøet utanfor laksen i opptil fleire veker. 

Det finst mange variantar av ILA-virus. Dagens informasjon tyder på at HPRO-varianten ikkje er assosiert med klassisk ILA-sjukdom hos laks. Ad hoc-gruppa meiner at det ikkje føreligg tilstrekkeleg dokumentasjon til å konkludere at denne varianten er avirulent. 

Sjøv om utbreiinga av ILA-virus i norsk oppdrettsnæring ikkje er tilstrekkeleg kartlagt, meiner ein at næringa i seg sjølv er eit viktig reservoar for viruset i dag. Vill brunørret og laks blir betrakta som viktige naturlege reservoar. 

Når det gjeld undersøkjing for eventuell førekomst av ILA-virus, vurderast det dit hen at screening av enkelte grupper laks, følgt av tiltak, moglegvis kan bidra til nedsett smittepress. 

Kontakt

Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM)

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 4404 Nydalen
0403 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummerr:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie