Plantevernmidler

Miljørisikovurdering av plantevernmiddelet Malakite med dei verksame stoffa dithianon og pyrimethanil

Bestilt:

Rapportnr: 2015: 11

Publisert: 11.06.2015

Hovedbudskap:

På oppdrag frå Mattilsynet har Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) gjort ei miljørisikovurdering av plantevernmiddelet Malakite.

Malakite er eit soppmiddel som inneheld dei verksame stoffa dithianon og pyrimethanil. Plantevernmiddel som inneheld eitt enkelt av desse stoffa er allereie godkjend i Noreg. Det nye er at begge stoffa er til stades i same preparat.

Den svenske Kemikalieinspektionen (KEMI) har tidlegare gjort ei risikovurdering av Malakite. Denne vurderinga viser uakseptable effektar hos fugl, organismar i vatn, leddyr og meitemark.

Basert på den svenske vurderinga ba Mattilsynet VKM om å gjere ei miljørisikovurdering av plantevernmiddelet Malakite.

Etter å ha vurdert søkar sin dokumentasjon og tilgjengeleg vitskapeleg litteratur, meiner VKM at søkar sin analyse av nedbrytinga av dithiaonin i insekt som er mat for fuglar ikkje er god nok. VKM deler også synet til KEMI om at moglege kombinasjons-effektar av dei to verksame stoffa på fugl bør vurderast. VKM meiner vidare at dokumentasjonen som søkar har levert om effektar på fisk og jordlevande organismar ikkje er tilstrekkeleg til å konkludere at Malakite er trygg å bruke.

Kontakt

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

The Norwegian Scientific Committee for Food and Environment

Send e-post

Andre populære artikler