VKM-logo

Risikovurderingerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

Genmodifiserte organismer

Helserisikovurdering av genmodifisert soya MON 87701 (EFSA/GMO/BE/2009/79)

Rapportnr: 2010: 34

Bestilt: 11.06.2010

Publisert: 15.11.2010

Last ned hele rapporten arrow_downward

Hovedbudskap:

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har på oppdrag for
Mattilsynet utført ei helserisikovurdering av den insektresistente soyalinja MON 87701 (EFSA/GMO/BE/2010/79) frå Monsanto. VKM har risikovurdert soyalinja til bruk i næringsmiddel, fôrvarer, import og vidareforedling. Søknaden gjeld ikkje dyrking.

Den genmodifiserte soyalinja MON 87701 har fått sett inn eit modifisert cry1Ac-gen frå bakterien Bacillus thuringiensis subsp. kurstaki. Genet kodar for toksinet Cry1Ac, som gir plantane resistens mot enkelte skadegjerarar i sommarfuglordenen Lepidoptera.

Komparative analyser

Analysar av ernæringskomponentar er i hovudsak utførte i tråd med OECD sitt konsensusdokument for soya (OECD 2009). I enkeltparametrar er det påvist statistisk signifikante skilnader mellom soyalinje MON 87701 og kontroll.

Skilnadene er ikkje konsistente over forsøksfelt, og verdiane for dei analyserte komponentane ligg innanfor typiske verdiar for andre soyasortar som er rapporterte i litteraturen, og innanfor variasjonsområda til kommersielle referansesortar som er inkluderte i dokumentasjonen frå søkjar. Faggruppa konkluderer med at skilnadene som er påvist ikkje har ernæringsmessig betyding.

Faggruppa påpeiker at søkjar ikkje har gjort analysar av fosfatid i lecitin. Faggruppa understrekar at ein i størst mogleg grad skal følgje konsensusdokumentet når ein legg fram dokumentasjon på nivåa av næringsstoff, antinæringsstoff og metabolittar.

Når det gjeld antinæringsstoffa, har søkjar slått saman resultata for dei enkelte isoflavon innanfor kvar av isoflavongruppene. Det er stor variabilitet innanfor kvar gruppe, og faggruppa etterlyser statistiske analysar for kvar enkelt forbinding innanfor kvar isoflavongruppe.

Feltforsøk over ein vekstsesong viser signifikante skilnader mellom MON 87701 og umodifisert kontroll for enkelte av dei agronomiske karakterane som er evaluert. Gjennomsnittsverdiane for desse karakterane ligg likevel innanfor variasjonsområda for referansesortane som var inkludert feltforsøka.

Toksisitet og allergenisitet

Cry1Ac-proteinet, som blir uttrykt som følgje av genmodifiseringa, har ingen likskapar med kjente allergen eller eigenskapar som tilseier at det kan verke som eit allergen. Testane som er omtalte i  dokumentasjonen frå søkjar seier at det i proteinet ikkje er påvist aminosyresekvensar som er lik allergene protein sine epitop, at proteina blir rask brote ned av mage-tarmsaft og at konsentrasjonane av Cry1Ac-protein er svært låge (mindre enn 0,002% av total proteinmengde).

Basert på desse testane finn faggruppa det lite truleg at proteinet medfører eit signifikant større potensiale for utvikling av matallergi hos menneske, samanlika med umodifisert soya.

Akutte 14-dagars fôringsstudiar (oral sondefôring EPA-OPPTS (870.1100)) på mus med reinframstilt
Cry1Ac-protein, 90-dagars fôringsforsøk på rotter og 42-dagars fôringsforsøk med broilare viste ingen skadelege helseeffektar. Søkjar har ikkje utført toksisitetsstudiar på fisk med fôr som inneheld soya MON 87701.

Faggruppa påpeiker at ein bør nytte 90-dagars repeterte dosestudiar når ein skal fastsetje NOAEL. I desse sub-kroniske studiane er det brukt minst to dosar av testfôret, samt kontrollfôr av umodifisert soya. Forsøksdyra er eksponerte over eit så langt tidsrom at eventuelle uheldige helseeffektar ville blitt oppdaga. Rottene er òg eksponerte for høgare konsentrasjonar av Cry1Ac enn kva menneske og dyr ville vore eksponert for i ein naturleg ernæringssituasjon.

På bakgrunn av forsøk med Cry1Ac-protein som er dokumentert i denne søknaden, konkluder faggruppa med at det er lite sannsynleg at eksponering for Cry1Ac-protein i seg sjølv, og i dei mengder som tilførast via fôr frå den genmodifisert soyaen, vil føre til helseskade hos dyr.

Kontakt

Merethe Aasmo Finne

Prosjekteier miljø, Dr.scient.

T: 21 62 28 16
M: 93 06 22 72
Send e-post

Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM)

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 4404 Nydalen
0403 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummerr:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie