Plantevernmidler

Helserisikovurdering av det verksame stoffet MCPA (2-metyl-4-klorfenoksyeddiksyre)

Bestilt:

Rapportnr: 2015: 04

Publisert: 23.01.2015

Hovedbudskap:

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har på oppdrag frå Mattilsynet gjort ei oppdatering av risikovurderinga av det verksame stoffet MCPA. VKM konkluderer med at dei ikkje kan sjå at det er grunnlag for å auke dei tidlegare fastsette verdiane for ADI og AOEL. VKM er vidare samd med Mattilsynet i måten dei har fastsett verdiar for hudopptak på.

Bakgrunnen for oppdraget

I VKM si risikovurdering frå 2006, vart AOEL-verdien sett til 0,036 milligram per kilo kroppsvekt med grunnlag i to ulike forsøk på rotter. Produsenten meiner at ein bør sjå bort i frå funn som berre er gjort i eitt av studiane, og at AOEL bør aukast til 0,11 milligram per kilo kroppsvekt.

Mattilsynet har bedt VKM si faggruppe for plantevernmidlar å vurdere om ein kan bruke tilnærminga til produsenten og auke grensa.

Ingen grunn til å auke AOEL-verdien

VKM sin konklusjon er at ein ikkje finn det akseptabelt å slå saman enkeltstudiar som er utført med fleire års mellomrom, og at ein difor ikkje kan sjå bort frå funn som berre er gjort i eitt av forsøka. VKM er difor usamd i produsenten sine argument for å heve grenseverdiane.

Produsenten har også bedt om ei ny vurdering av dei gjeldande verdiane for hudopptak. Desse verdiane vart fastsette av Mattilsynet ved ein administrativ gjennomgang av middelet MCPA 750 Flytende i 2013. VKM støttar Mattilsynet sin måte å fastsette verdiar for hudopptak av MCPA på.

Kontakt

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

The Norwegian Scientific Committee for Food and Environment

Send e-post

Andre populære artikler