Dyrehelse og dyrevelferd

Salmonella i fôrmiddel til fisk og landdyr

Bestilt:

Rapportnr: 2006: 20

Publisert: 22.05.2006

Hovedbudskap:

Noreg har ein svært låg førekomst av innanlandssmitte med Salmonella hos menneske. Det har likevel synt seg at salmonellabakteriar regelmessig kan påvisast i dyrefôr eller i ingrediensar til slikt fôr. Med dette som bakgrunn tinga Mattilsynet ei risikovurdering frå VKM, som no er lagt fram.

Under vanlege oppdrettstilhøve for norsk laks og med låge konsentrasjonar av Salmonella i fôret, er det lite sannsynleg at konsumenten skal kunna bli smitta via fisk eller fiskeprodukt.

Mykje er framleis uklårt når det gjeld Salmonella og dyrefôr. Mellom anna veit ein lite om mogeleg smitte mellom dyrefôr, ingrediensar til slikt fôr eller produksjonsanlegg.

På verdsbasis representerer Salmonella eit av dei viktigaste smittestoffa som kan gi matvareborne sjukdommar. Som ei følgje av låg førekomst av Salmonella hos husdyr og i matvarer, har Noreg ein svært låg førekomst av innanlandssmitte med denne bakterien hos menneske.  Det har likevel synt seg at salmonellabakteriar regelmessig kan påvisast i dyrefôr eller i ingrediensar til slikt fôr.

Med dette som bakgrunn tinga Mattilsynet ei risikovurdering frå VKM. Til å utføre denne vurderinga vart det nedsett ei ad hoc-arbeidsgruppe. 

Nyleg utførde eksperiment har vist at under vanlege oppdrettstilhøve for norsk laks og med låge konsentrasjonar av Salmonella i fôret, er det lite sannsynleg at konsumenten skal kunna bli smitta via fisk eller fiskeprodukt. Fara for dette vert rekna som neglisjerbar. Dette synet vert òg støtta av epidemiologiske data for førekomst av humane infeksjonar med Salmonella.

Det har lenge vore kjent at fôr til landlevande husdyr kan vera forureina med Salmonella, og at desse kan verta overførde til menneske via matvarer. Tidvis har det vorte påvist salmonellabakteriar i fôr til kjæledyr. 

Med tanke på den nære kontakten det er mellom kjæledyr og menneske, kan smitte denne vegen ikkje utelukkast. Når det gjeld import av ingrediensar til dyrefôr, kan dette representera ein mogeleg innfallsport for Salmonella som seinare kan tenkast å infisere dyr eller menneske.

Medan fôrvarer som er infiserte med Salmonella ikkje representerer eit dyrehelseproblem for fisk i Noreg, kan slikt fôr utgjere eit helseproblem for andre dyr enn fisk. Tidlegare vitskapeleg dokumentasjon har vist dette.

Mykje er framleis uklårt når det gjeld Salmonella og dyrefôr. Mellom anna veit ein lite om mogeleg smitte mellom dyrefôr, ingrediensar til slikt fôr eller produksjonsanlegg og andre delar av samfunnet eller det ytre miljøet, inkludert viltlevande dyr. Delar av villfaunaen i Noreg er tidvis infiserte med S. Typhimurium

Sidan dette ikkje er ein vanleg førekomande serovariant i fôrvarer, ser det ikkje ut til at det er nokon utbreidd kryssforureining med Salmonella mellom desse områda.

Ein veit også lite om kva mogelege negative helseverknadar arbeidarar ved fôrfabrikkar kan verta utsette for ved kontakt med Salmonella-infiserte fôrvarer.

Resistens mot antimikrobielle middel hos Salmonella isolert frå fôrvarer er så langt ikkje noko utbreidd problem i Noreg.

Kontakt

Dean Basic

Prosjektleder, ph.d.

T: 45 43 20 45
Send e-post

Andre populære artikler