Dyrehelse og dyrevelferd

Risikovurdering av bruk av akupunktur på dyr

Bestilt:

Rapportnr: 2010: 05

Publisert: 11.02.2010

Hovedbudskap:

Det er for dyr som for menneske generelt liten risiko for at det oppstår skadar eller infeksjonar som følgje av behandling med nåleakupunktur, når den som utfører behandlinga har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter. Samtidig er det forhold ved dyr som aukar risikoen for enkelte typar negative konsekvensar. Det er hovudkonklusjonen i ei risikovurdering VKM har utført på oppdrag for Mattilsynet.

VKM understrekar at uansett behandlingsform, anten det er nåleakupunktur eller tradisjonell vestleg veterinærmedisin, heng risikoen for skadar og faren for å ikkje oppdage andre sjukdommar og smertefulle tilstandar nøye saman med evna behandlaren har til å gjenkjenne symptom, stille korrekt diagnose, velje adekvat behandling, utføre behandlinga korrekt og ikkje minst erkjenne kva avgrensingar metoden har.

Oppdrag frå Mattilsynet

VKM har på oppdrag frå Mattilsynet vurdert og identifisert moglege risikoar og negative konsekvensar ved bruk av nåleakupunktur på pattedyr.

Bakgrunnen for oppdraget er at Landbruks- og matdepartementet har bedd Mattilsynet om å greie ut alternativ for regulering av akupunktur på dyr, og utarbeide forslag til korleis ein kan regulere dette området i framtida.

VKM har ikkje vurdert kva for krav ein bør stille til faglege kvalifikasjonar ved bruk av nåleakupunktur. Dette er spørsmål som Mattilsynet har bedd Det veterinærmedisinske rettsråd om å vurdere.

VKM legg til grunn at den som utfører nåleakupunktur har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter til å sikre god dyrehelse og god dyrevelferd.

Risikovurderinga til VKM tar for seg alle former for nåleakupunktur som innber penetrering av hud, inkludert bruk av implantat, straum og varme.

Kontakt

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

The Norwegian Scientific Committee for Food and Environment

Send e-post

Andre populære artikler