Genmodifiserte organismer - mat og fôr

Helserisikovurdering av genmodifisert åkermais LY038 x MON 810 (EFSA/GMO/NL/2006/32)

Bestilt:

Rapportnr: Andre innspill

Publisert: 31.05.2010

 
 
 

Hovedbudskap:

Søkjaren Renessen Europe SPRL har trekt søknaden. Faggruppa vel difor å ikkje konkludere om mogleg helserisiko. Den førebelse risikovurderinga frå VKM vil ikkje bli publisert på VKM si nettside før det eventuelt har kome ein ny søknad.

Dei genmodifiserte fôrmaislinjene LY038 (EFSA/GMO/NL/2006/31) og LY038 x MON810 (EFSA/GMO/NL/2006/32) blei i 2006 søkt godkjente i EU/EØS-området, under forordning (EF) nr. 1829/2003, til import, prosessering og bruk i fôrvarer.

VKM si faggruppe for genmodifiserte organismar utarbeidde utkast til førebelse helserisikovurderingar av begge maislinjene i samband med den offentlige høyringa våren 2007.

EFSAs GMO-panel har fleire gonger etterspurt tilleggsinformasjon frå søkjar, og Renessen Europe SPRL trekte begge søknadene i mai 2009. Sidan søknadene er trekt vel faggruppa å ikkje konkludere om mogleg helserisiko, og heller ikkje publisere risikovurderinga på VKM si nettside før det eventuelt kjem nye søknader.

Kontakt

Merethe Aasmo-Finne

Fagdirektør miljø. Dr.Scient.

T: 93 06 22 72
Send e-post

Andre populære artikler