VKM-logo

Risikovurderingerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

Genmodifiserte organismer

Helse- og miljørisikovurdering av genmodifisert soya MON 87769 (EFSA/GMO/UK/2009/76)

Rapportnr: 2011: 06

Bestilt:

Publisert: 18.02.2011

Last ned hele rapporten arrow_downward

Hovedbudskap:

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har på oppdrag for Mattilsynet og Direktoratet for naturforvalting utført ei førebels
helse- og miljørisikovurdering av den genmodifiserte soyalinja MON 87769 (EFSA/GMO/UK/2009/76) frå Monsanto. Soyalinja er risikovurdert med tanke på bruk i næringsmiddel og fôrvarer, og til import og vidareforedling. Søknaden gjeld ikkje dyrking.

MON 8779 er utvikla for å kunne produsere ein soyaolje med eit høgare innhald av fleirumetta omega-3-feittsyrer.

Olje frå den genmodifiserte soyalinja inneheld høgare nivå av alfa-linolensyre (18:3 n-3), gamma-linolensyre (18:3 n-6) og stearidonsyre (18:4 n-3) og lågare nivå av oljesyre (18:1) og linolensyre
(18:2), samanlikna med olje frå konvensjonelt foredla soyaplantar.

Stearidonsyre er eit mellomprodukt i feittsyremetabolismen, og eit viktig mellomledd i danninga av
omega-3-feittsyrene eikosapentaen (EPA)- og dokosaheksaen (DHA)-syre. EPA og DHA er 20:5 og 20:6 feittsyrer, og sidan SDA (18:4) har færre dobbeltbindingar enn EPA og DHA, er ho meir stabil overfor oksidering samanlikna med omega-3-feittsyrene i til dømes fisk.

Avgrensa tilgang på marine råvarer og ein aukande akvakulturproduksjon, gjer at ein i aukande grad tek i bruk vegetabilske råvarer i oppdrettsnæringa.

Faggruppa vurderer difor at olje produsert frå MON 87769, i norsk samanheng, kan vere mest aktuell som feittkjelde i fôr til oppdrettsfisk. Det går ikkje spesifikt fram av dokumentasjonen frå Monsanto om soyalinja er tiltenkt brukt som råvare til fiskefôr.

Faggruppa greier ut

Faggruppa har tatt initiativ til å utarbeide eit underlagsdokument som viser kunnskapsstatus når det gjeld bruk av genmodifiserte plantar med endra feittsyresamansetjing som fôrråstoff.

Faggruppa avventar ferdigstillinga av denne litteraturgjennomgangen, og presiserer at vurderingane knytt til bruk av olje frå soyalinja MON 87769 som fôr er førebelse.

Kontakt

Merethe Aasmo Finne

Prosjekteier miljø, Dr.scient.

T: 21 62 28 16
M: 93 06 22 72
Send e-post

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 4404 Nydalen
0403 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummerr:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie