Genmodifiserte organismer - mat og fôr

Førebels helse- og miljørisikovurdering av genmodifisert bomull GHB119 (EFSA/GMO/NL/2011/96)

Bestilt:

Rapportnr: Andre innspill

Publisert: 31.08.2012

 
 
 

Hovedbudskap:

På bakgrunn av antatt marginal bruk av bomull som mat og fôr i Noreg, har Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) bestemt seg for ikkje å utarbeide ei førebels helse- og miljørisikovurdering av den genmodifiserte bomullslina GHB119.

På bakgrunn av antatt marginal bruk av bomull som mat og fôr i Noreg, har Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) bestemt seg for ikkje å utarbeide ei førebels helse- og miljørisikovurdering av den genmodifiserte bomullslina GHB119.

Den insektresistente og herbicidtolerante bomullslina er søkt godkjent til import, vidareforedling, mat og fôr i EU/EØS-området. EUs mattryggleiksorgan EFSA la søknaden ut på 90-dagers offentleg høyring i november 2011.

Dei mest aktuelle mat- og fôrprodukta frå bomull er bomullsfrøolje til bruk som næringsmiddel og presskake til bruk som fôr. Mattilsynet kan ikkje finne at det blir importert slike produkt til Noreg frå land utanom EØS-området, og meiner det er svært lite sannsynlig at det blir importert mat- og fôrvareprodukt av bomull frå EØS-land.

Import frå EØS-området er ikkje meldepliktig etter EØS-avtalen. Det er difor ikkje mogleg å skaffe nøyaktige tall for kva for produkt og mengde som eventuelt kjem frå EØS-området.

Bomullsfrøolje kan også brukast i kosmetiske produkt og vil da bli regulert etter kosmetikklova og ikkje matlova. Mattilsynet fører førebels ikkje tilsyn med eventuelle genmodifiserte ingrediensar i kosmetikk.

VKM har fast oppdrag frå Mattilsynet og Direktoratet for naturforvalting om å vurdere genmodifiserte organismar og avleidde produkt av desse som det blir søkt om få godkjent i EU/EØS-området. EFSA legg søknadane ut på offentleg høyring som ein del av sitt vurderingsarbeid.

Kontakt

Merethe Aasmo-Finne

Fagdirektør miljø. Dr.Scient.

T: 93 06 22 72
Send e-post

Andre populære artikler