Dyrehelse og dyrevelferd

Risikovurdering, Infeksiøs lakseanemi (ILA)

Bestilt:

Rapportnr: 2007: 01

Publisert: 21.01.2007

Hovedbudskap:

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har overlevert ein rapport til Mattilsynet, der ein svarer på ei rekkje spørsmål om fiskesjukdommen Infeksiøs lakseanemi (ILA). Arbeidet er utført av ei ad hoc-gruppe, og rapporten er òg behandla av VKM si faggruppe for dyrehelse og dyrevelferd. Faggruppa støttar ad hoc-gruppa sine konklusjonar i rapporten.

Spørsmåla ein har forsøkt å svare på, omhandlar enkelte eigenskapar ved viruset og sjukdommen, smittevegar og sporing av smittekjelder. 

Ad hoc-gruppa vurderer at ein ikkje kan utelukke vertikal overføring av ILA-virus. Derimot er ein ikkje i stand til å estimere eventuell effekt på spreiing av sjukdom som ei følgje av mogleg vertikal overføring av virus. 

Dagens kunnskapar om genetiske eigenskapar hos dei enkelte stammane av ILA-virus blir brukt i fylogenetiske studiar, men ad hoc-gruppa vurderer dei til å ikkje vere tilstrekkelege for sikker sporing av virus og smittekjelder. Epidemiologiske opplysningar innhenta for dei enkelte sjukdomsutbrota er også naudsynt for å kunne vurdere dette.

Ad hoc-gruppa meiner at brønnbåttransport er ein viktig risikofaktor for spreiing av ILA-virus. Ein vurderer at ILA-virus kan vere infektivt i miljøet utanfor laksen i opptil fleire veker. 

Det finst mange variantar av ILA-virus. Dagens informasjon tyder på at HPRO-varianten ikkje er assosiert med klassisk ILA-sjukdom hos laks. Ad hoc-gruppa meiner at det ikkje føreligg tilstrekkeleg dokumentasjon til å konkludere at denne varianten er avirulent. 

Sjølv om utbreiinga av ILA-virus i norsk oppdrettsnæring ikkje er tilstrekkeleg kartlagt, meiner ein at næringa i seg sjølv er eit viktig reservoar for viruset i dag. Vill brunørret og laks blir betrakta som viktige naturlege reservoar.

Når det gjeld undersøkjing for eventuell førekomst av ILA-virus, vurderast det dit hen at screening av enkelte grupper laks, følgt av tiltak, moglegvis kan bidra til nedsett smittepress. 

Kontakt

Dean Basic

Prosjektleder, ph.d.

T: 45 43 20 45
Send e-post

Andre populære artikler