Dyrehelse og dyrevelferd

Risikovurdering av Catch and Release

Bestilt:

Rapportnr: 2010: 06

Publisert: 17.03.2010

Hovedbudskap:

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har på oppdrag for Mattilsynet vurdert konsekvensar av fang og slepp-fiske (catch and release) for fiskevelferda, samanlikna med tradisjonelt sportsfiske der ein avlivar fisken. Bakgrunnen for oppdraget er at Fiskeri- og kystdepartementet og miljøvernmyndigheitene ønskjer å vurdere om ein bør innføre fang og slepp som ein måte å regulere fiskebestanden i norske elver med låg populasjonstettleik.

Mattilsynet bad VKM om å vurdere dei tre laksefisk-artane atlantisk laks (Salmo salar), sjøørret (Salmo trutta) og sjørøye (Salvelinus alpinus) når desse er i det anadrome stadiet, det vil seie når fisken vandrar opp i elver for å gyte.

Det ligg utanfor mandatet til VKM å vurdere dei etiske aspekta ved fang og slepp som fiskemetode.

Konklusjon

Basert på ein gjennomgang av tilgjengeleg vitskapeleg litteratur, konkluderer VKM med at det er sannsynleg at fang og slepp som fiskemetode har negativ påverknad på fiskevelferda: Fisk blir skadd ved kroking, og kan utsetjast for stress og andre påkjenningar når han blir drege inn.

Etter slepp er det risiko knytt til dødelegheit, fare for infeksjonar og konsekvensar for fiskens forplantningsevne, men det er få vitskapelege studiar på området og difor mange usikkerheitsmoment.

Trass i den negative påverknaden fang og slepp har på fiskevelferda, peiker ikkje den vitskapelege litteraturen på langsiktige velferdsproblem når dei vurderte artane atlantisk laks, sjøørret og sjørøye er i det anadrome stadiet. Det må understrekast at det finst lite litteratur for artane sjøørret og sjørøye.

VKM meiner at ein kan møte velferdsutfordringar knytt til fang og slepp gjennom krav til fiskeutstyr, prosedyrar for handtering av fisken før han blir sleppt ut og opplæring av sportsfiskarar og fiskeguidar.

Dersom ein skal bruke fang og slepp som forvaltingsprinsipp, inneheld risikovurderinga eit etterskrift med rutinar som kan bidra til å førebyggje at dyrevelferda kompromitterast.

VKM understrekar at reglane allereie i dag seier at fisk under minstemål skal bli sleppt ut igjen. Fisk som er alvorleg skadd skal ein ikkje sleppe ut, men avlive på ein forsvarleg måte.

Bestill rapporten

Last ned risikovurderinga som pdf-fil (sjå dokument lenger opp på sida) eller ting ho gratis som trykt rapport. Send ein e-post til VKM sitt sekretariat vkm@vkm.no viss du ønskjer vurderinga tilsendt. 

Kontakt

Dean Basic

Prosjektleder, ph.d.

T: 45 43 20 45
Send e-post

Andre populære artikler