Dyrehelse og dyrevelferd

Risikovurdering av bruk av gass, straum og slag mot hovudet til bedøving av fisk

Bestilt:

Rapportnr: 2010: 28

Publisert: 15.09.2010

Hovedbudskap:

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har på oppdrag for Mattilsynet vurdert risiko for at fisk lid, når han blir bedøvd med gass, straum eller slag mot hovudet i samband med slakting.

Bakgrunnen for oppdraget er at Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) har utsett forbodet mot bruk av CO2 til bedøving av fisk i samband med slakting.

FKD har i det høvet bedd Mattilsynet om ei ny vurdering av dei ulike bedøvingsmetodane og kombinasjonar av desse.

VKM konkluderer

VKM si faggruppe for dyrehelse og dyrevelferd, som er ansvarleg for risikovurderinga, meiner at på bakgrunn av eksisterande, vitskapleg litteratur, er elektrisk bedøving eller bruk av slagmaskin dei mest humane bedøvingsmetodane.

Begge metodane stiller krav til hyppig overvaking av bedøvd fisk, dagleg kontroll av relevante innstillingar på utstyret og at ein har godt vedlikehald av utstyret.

VKM meiner at bruk av karbondioksid (CO2) som bedøvingsmiddel er forbunde med høg risiko for at fisken lid. Fisken viser til dels ekstrem fluktåtferd før han mistar evna til å røre seg, fleire minutt før han blir medvitslaus.

Det gir risiko for tidleg bløgging (blodavlating), noko som kan innebere at fisken opplever ubehag og smerte. Det er òg stor risiko for at fisk som er bedøvd med CO2 midlertidig gjenvinn medvitet, før han døyr av blodtapet.

Nitrogengass fører til høgt stressnivå og ekstrem fluktrespons, og synest difor uegna til slaktebedøving av fisk.

Andre inerte gassar (gass som ikkje reagerer med anna væske eller annan gass) er etter det VKM kjenner til ikkje testa, men i teorien vil gassar som berre verkar ved å fortrengje oksygen i vatnet forårsake reaksjonar hos fisken.

Karbonmonoksid (kolos/CO) bedøver fisken utan at han synast å merke gassen, men dette er ikkje klårt vitskapleg dokumentert. Elles er denne metoden framleis på utviklingsstadiet, og det er uvisst om CO kan få kommersiell nytte åleine eller i kombinasjon med andre metodar for bedøving.

Behandling av saka i VKM

Denne risikovurderinga er behandla av VKM si faggruppe for dyrehelse og dyrevelferd. To ad hoc-grupper utarbeidde eit grunnlag for vurderinga. Faggruppemedlem Brit Hjeltnes leidde begge gruppene.

Hjeltnes greidde ut for dei tre første spørsmåla saman med Erik Slinde (Havforskingsinstituttet), Rolf Erik Olsen og Rune Waagbø (medlemmer av faggruppa).

Det fjerde spørsmålet, samt ei samanstilling av alle spørsmåla, blei behandla av Hjeltnes saman med Ulf Erikson (medlem av faggruppa) og Cecilie Mejdell (Veterinærinstituttet).

Kontakt

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

The Norwegian Scientific Committee for Food and Environment

Send e-post

Andre populære artikler