Genmodifiserte organismer - mat og fôr

Miljørisikovurdering av genmodifisert maislinje MON 88017 (EFSA/GMO/CZ/2008/54)

Bestilt:

Rapportnr: 2010: 13

Publisert: 07.04.2010

Hovedbudskap:

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har på oppdrag for
Direktoratet for naturforvalting utført ei miljørisikovurdering av den insektresistente og herbicidtolerante maislinja MON 88017 til dyrking og frøavl (EFSA/GMO/CZ/2008/54).

Risikovurderinga er utført av VKM si faggruppe for genmodifiserte organismar. Faggruppa har tidlegare vurdert helseaspekt knytt til bruk av maislinja som næringsmiddel og fôrvare.

Maislinja MON 88017 er transformert med gena cry3Bb1 og cp4-epsps frå jordbakteriane B. thuringiensis og Agrobacterium tumefaciens. Cry3Bb1-proteinet, som kjem til uttrykk, vernar plantane mot angrep frå skadeinsekt i billeslekta Diabrotica. CP4-EPSPS-proteinet gjer maisplantane tolerante for ugrasmiddel som inneheld verkestoffet glyfosat.

Herbicidtoleranse

Faggruppa påpeiker at dyrkingsomfanget av mais i Noreg er svært avgrensa, og vurderer difor eventuelle økologiske effektar ved introduksjon av glyfosfattolerante maissortar til å vere ubetydelege. 

Bruk av glyfosat på maisareal vil vere marginal samanlikna med den totale glyfosatbruken i Noreg, og vurderast ikkje å medføre høgare risiko for miljø enn for allereie godkjente bruksområde.

I Noreg vil glyfosat i veksande åker vere ein resistensbrytar i eit einsidig kornomlaup, og dimed redusere faren for resistensutvikling hos ugrasartar.

Insektresistens

Det har ikkje vore rapportert om funn av målorganismane Diabrotica spp. i Noreg, og det har ikkje vore søknader om sertifisering av insekticid mot desse herbivorane.

Publiserte vitskaplege studiar viser ingen skadelege effektar av Cry3Bb1-toksinet på ikkje-målartropodar som lever på eller i nærleiken av maisplantar. VKM vurderer at det ikkje er risiko for raudlista artar i Noreg. 

Sidan det ikkje er godkjente Bt-produkt til bruk i mais i Noreg, og det ikkje er registrert Diabrotica-artar som skadegjerarar i mais, er problematikken knytt til resistens i målorganismane ikkje relevant i norsk samanheng.

Det finst enkeltstudiar som viser små, men signifikante effektar av Bt-toksin og tiltenkt pesticid på jordlevande organismar og mikrobiell samfunnsstruktur i jord. Dei fleste studiane konkluderer likevel med at desse effektane er små og forbigåande, samanlikna med effektar av dyrkingsmessige og miljømessige høve.

Genspreiing

VKM vurderer det til ikkje å vere auka risiko knytt til spreiing, etablering og invasjon av maislinja i naturlege habitat, eller utvikling av ugraspopulasjonar av mais i dyrkingsmiljø, samanlikna med konvensjonelle sortar.

Det er ingen stadeigne eller introduserte viltveksande artar i den europeiske flora som mais kan hybridisere med, og vertikal genoverføring vil vere knytt til krysspollinering med konvensjonelle og eventuelle økologiske sortar. 

I tillegg vil utilsikta innblanding av genmodifisert materiale i såvare representere ein mogleg spreiingsveg for transgen mellom ulike dyrkingssystem. Ei slik spreiing vurderast som ubetydeleg.

Kontakt

Merethe Aasmo-Finne

Fagdirektør miljø. Dr.Scient.

T: 93 06 22 72
Send e-post

Andre populære artikler