Vurdering av risiko for dårleg dyrevelferd ved transport av dyr
EFSA, EU sitt mattryggingsorgan, har på oppdrag frå EU-kommisjonen vurdert risiko for dårlig dyrevelferd ved transport av levande dyr.
EFSA har vurdert risiko for dårlig dyrevelferd ved transport av hest, svin, sau, geit, fjørfe, storfe og kanin. I tillegg presenterer EFSA ei liste over velferdsindikatorar som styresmakter, veterinærinspektørar og transportarbeidarar kan bruke til å vurdere om dyret er egna for transport, og i kva grad det får dekt behova sine ved transport.
Risikovurderinga er gjort av EFSA sitt panel for dyrehelse og dyrevelferd, på oppdrag for EU-kommisjonen. I 2005 innførte EU nye reglar for å ivareta dyrevelferda ved transport og relaterte operasjonar.
Vurderinga frå EFSA vil inngå i ein rapport om kva for effekt det nye regelverket har hatt, som Kommisjonen skal leggje fram for EU-parlamentet og medlemslanda i 2011.
Les meir og last ned risikovurderinga på nettsidene til EFSA.
Publisert 14.1.2011