VKM-logo

Risikovurderingerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

Risikovurdering av HUS i Bordeaux i Frankrike forårsaka av E.coli O104

I ei ny risikovurdering understrekar EU sitt mattryggingsorgan EFSA og det europeiske smittevernsinstituttet ECDC kor viktig det er å koke spirer for å redusere risikoen for fleire utbrot av EHEC forårsaka av E.coli O104.

E.coli O104 har forårsaka utbrot av EHEC i Tyskland og Frankrike.

I risikovurderinga går EFSA og ECDC gjennom all tilgjengeleg informasjon om EHEC-utbrota i Frankrike og Tyskland. Resultata frå risikovurderinga viser at bukkehornskløverfrø er det mest sannsynlege bindeleddet mellom utbrota i dei to landa.

Bukkehornskløverfrø blir ofte selt saman med andre frø som frøblandingar, og krysskontaminering kan difor skje ved pakking.

Før ein veit meir, anbefaler EFSA og ECDC difor at ein råder forbrukarane til å ikkje dyrke nokon typar spirer heime, og berre ete spirar etter at dei er skikkeleg varmebehandla.

Risikovurderinga frå EFSA og ECDC blei publisert 29. juni 2011.

EFSA har oppretta ei eiga ekspertgruppe som bidreg i arbeidet med å oppklare E.coli-utbrotet i Frankrike. 

Les meir og last ned risikovurderinga på EFSA sine nettsider

30.06.2011

Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM)

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 4404 Nydalen
0403 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummerr:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie