VKM-logo

Risikovurderingerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

Nivået av akrylamid i mat er stort sett uendra

Akrylamidnivået i mat har ikkje endra seg vesentleg for de fleste matvaregruppene som er undersøkte i Europa, konkluderer EUs mattryggleiksorgan EFSA i sin årlege rapport.

Rapporten byggjer på innsamla data for akrylamid i ulike kategoriar av matvarer frå 25 medlemsland og Noreg i åra 2007-2010. I alt er det samla inn vel 13 000 prøveresultat i denne perioden, inkludert 2 200 prøver i 2010. For analyseformål blir det nå nytta ti hovudgrupper og 26 undergrupper av matvarer.

Endringar

I den fireårige overvakingsperioden viser tala ein nedgåande trend i akrylamidnivået i kategorien «prosesserte kornbaserte matvarer for spedbarn og små barn», og i undergruppene «ikkje-potetbaserte snaks» og «kjeks og kavringar for spedbarn og små barn».

amstundes har akrylamidnivåa auka i kategorien «kaffi og kaffierstatningar», og i undergruppene «knekkebrød» og «pulverkaffi». I nokre delar av Europa har nivået gått opp også i «pommes frites frå ferske potetar».

Kjemisk stoff

Akrylamid er eit kjemisk stoff som blir danna naturleg ved steiking, baking og anna varmebehandling ved høge temperaturar. Stoffet finnes spesielt i matvarer med mye stivelse, slik som potetgull, pommes frites, brød, kjeks og kaffi.

På grunnlag av dyreforsøk er akrylamid klassifisert som eit mogleg kreftframkallande og gentoksisk stoff, idet det kan skade arvematerialet i cellene.

Arbeidet vidare

EFSA har bedt EU-landa om å utføre årleg overvaking av akrylamidnivå i mat. Sidan 2008 har talet på talet på analyseresultat frå medlemslanda gått ned. Nedgangen svekker trendanalysen, seier EFSA.

EFSA vil fortsette å samle inn overvakingsdata om akrylamid. I 2013 vil dei oppdatere si europiske eksponeringsvurdering frå 2011 basert på nyare data om akrylamidnivå i mat og nye inntaksdata. Mattryggleiksorgana i Danmark, Frankrike, Tyskland og Sverige har bedt EFSA om også å vurdere den nyaste vitskaplege kunnskapen om akrylamid og moglege helseeffektar av stoffet. Det er ikkje tatt endelig avgjerd i saka.

Les rapporten «Update on acrylamide levels in food from monitoring years 2007 to 2010» på EFSA sine nettsidar.

31.10.2012

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 4404 Nydalen
0403 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummerr:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie