VKM-logo

Risikovurderingerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

Mattilsynet og VKM oppført på EFSA si Artikkel 36-liste

Mattilsynet og Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) er funne kvalifiserte til å stå på EFSA si Artikkel 36-liste. Det inneber at verksemdene no får gjere visse typar betalte utreiingsoppdrag for EFSA.

Ordet "Artikkel 36" viser til artikkel 36 i EU si matlov og omhandlar samarbeidsprosjekt og andre oppdrag som EFSA treng å få utført. Institusjonar som står oppført på EFSA si artikkel 36-liste får utføre eller delta i slike oppdrag.

Totalt står tolv norske institusjonar no oppført på EFSA si Artikkel 36-liste.

Desse er:

  • Bioforsk
  • Mattilsynet 
  • NIFES
  • NILU
  • NIVA
  • Nasjonalt folkehelseinstitutt - divisjon for smittevern og divisjon for miljømedisin
  • Norges veterinærhøgskole
  • Norsk institutt for skog og landskap   
  • UMB - institutt for for husdyr- og akvakulturvitenskap 
  • Universitetet i Oslo - avdeling for ernæringsvitenskap'
  • Veterinærinstituttet
  • Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM)

Les meir om Artikkel 36-oppdrag for EFSA

30.06.2011

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 4404 Nydalen
0403 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummerr:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie