VKM-logo

Risikovurderingerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

Kunnskapsoppsummering om samanhengen mellom prionsjukdommar hos menneske og dyr

EFSA, EU sitt mattryggingssorgan, og European Centre for Disease Prevention and Control (ECDC) har gjort ei oppsummering av det ein veit om samanhengen mellom førekomst av prionsjukdommar hos menneske og dyr.

Rapporten stadfestar at den førebels einaste prionsjukdommen som er vist å kunne smitte frå dyr til menneske er BSE (populært kalla kugalskap). Den menneskelege varianten av BSE kallast variant Creutzfeldt-Jakobs sjukdom.

Epidemiologiske funn viser at den vanlegaste prionsjukdommen hos menneske er sporadisk Creutzfeldt-Jakobs sjukdom, men det er ikkje kjent kva som forårsakar sjukdommen. EFSA sitt panel for biologiske farar vil ikkje utelukke moglegheita for at nokre få av tilfella kan skyldast smitte frå dyr.

Når det gjeld klassisk skrapesjuke hos sau og geit, finst det inga epidemiologiske prov på at denne prionsjukdommen kan smitte frå dyr til menneske. Når det gjeld atypisk skrapesjuke, er datagrunnlaget for lite til å kunne konkludere.

Når det gjeld andre prionsjukdommar, er usikkerheitsfaktorane for mange til at ein kan seie noko sikkert om samanhengen mellom førekomst hos menneske og dyr. EFSA tilråder at den systematiske overvakinga av prionsjukdommar hos dyr og menneske fortset.

Rapporten frå EFSA og ECDC byggjer på EFSA sitt tidlegare arbeid med prionsjukdommar.

Les meir og last ned rapporten på nettsidene til EFSA.

Vitskapskomiteen for mattryggleik er offisielt norsk kontaktpunkt for EFSA.

19.01.2011

Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM)

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 4404 Nydalen
0403 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummerr:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie