
Har vurdert søtstoffet sukralose som trygt
Søtstoffet sukralose er trygt når det blir brukt som i dag, seier EFSA, den europeiske næringsmiddelstyresmakta.
Den europeiske styresmakta for næringsmiddeltryggleik (EFSA) har vurdert søtstoffet sukralose (E 955). Dette søtstoffet er omtrent 600 gonger søtare enn sukker, og er godkjent for bruk i ei rekkje mat- og drikkevarer med redusert sukkerinnhald eller heilt utan sukker.
EFSA meiner det framleis er trygt for forbrukarar ved dagens godkjende bruksområde som tilsetningsstoff i mat. Dei kan likevel ikkje stadfesta tryggleiken ved nye bruksområde.
Nye bruksområde
Etter ein omfattande gjennomgang av all tilgjengeleg vitskapleg dokumentasjon, stadfesta dei det akseptable daglege inntaket (ADI) på 15 mg/kg kroppsvekt per dag, og viste at dagens forbrukseksponering ligg under dette nivået.
Denne vurderinga er ein del av ein pågåande gjennomgang av tilsetningsstoff som vart godkjent før 20. januar 2009, slik EU-lovgivinga krev. EFSAs ekspertar vurderte òg ein ny førespurnad om å tillata bruk av sukralose i fleire fine bakarvarer, i tillegg til iskremkjeks og oblatpapir (tynt etande papir laga av stivelse, gjerne brukte under bakverk), som allereie er godkjende.
Oppvarming av sukralose
Ein nyare studie viser at når E 955 blir utsett for høge temperaturar over lengre periodar, kan klor frigjerast frå sukralosen og potensielt danna klorerte samband med ukjende helseeffektar.
- Me stadfesta at dagens bruk av sukralose som tilsetningsstoff i mat er trygg. Me kunne likevel ikkje trekkja same konklusjon for dei nye foreslåtte bruksområda me vurderte, sidan desse kan innebera fleire industrielle prosessar med langvarig eksponering for høge temperaturar, seier Laurence Castle, som leier EFSAs vitskaplege panel for tilsetningsstoff og aromaer.
Ekspertane påpeika òg at faktorar som temperatur, tillagingstid og mengda søtstoff kan variera mykje i private kjøkken. Dette betyr at danning av klorerte samband under tillaging av heimeproduserte matvarer som krev høg temperatur, som steiking og baking med sukralose, ikkje kan utelukkast. Derfor tilrådde EFSA at EU-kommisjonen vurderer problemstillinga knytt til potensiell danning av klorerte samband ved matlaging i heimen ved bruk av sukralose.
Les meir hos EFSA: EFSA finds sucralose safe when used as currently authorised; cannot confirm safety of extending its use | EFSA