.jpg)
Har kartlagt kjennskap til kostråd om kvikksølv i fisk
EFSA har kartlagt kor ofte europearar et fisk og sjømat som kan innehalda kvikksølv, og i kva grad forbrukarane kjenner til nasjonale kostråd om trygg mengd.
Den europeiske styresmakta for næringsmiddeltryggleik (EFSA) har gjennomført undersøkinga på oppdrag frå Europakommisjonen. Bakgrunnen er at enkelte land nyleg har oppdatert sine råd om inntak av fisk og sjømat som kan innehalda spor av kvikksølv. Dette gjeld særleg store rovfisk som hai, sverdfisk og tunfisk, som gjennom eit langt liv akkumulerer kvikksølv frå mindre fisk. Stoffet blir ikkje brote ned i vevet, og nivåa aukar derfor med alderen og storleiken på fisken.
Kommisjonen ønskte ny kunnskap i samband med dialogen med medlemslanda om regelverket for maksimumsnivå (ML) av kvikksølv i ulike fiskeartar, og om moglege framtidige oppdateringar av EFSAs risikovurdering.
Dekkjer heile Europa
Den første undersøkinga omfatta alle EUs 27 medlemsland, og dessutan Island og Noreg, og vart gjennomført i april–mai 2023. Ein andre runde vart seinare gjennomført i ti land som hadde oppdatert sine kostråd, og fem som ikkje hadde gjort det, for å kunna samanlikna resultata.
Andelen gravide og ammande kvinner som deltok var høgare enn i befolkninga generelt, ettersom fosteret er særleg sårbart for kvikksølv – samtidig som fisk og sjømat er viktige kjelder ti essensielle næringsstoff.
Kor ofte et me fisk og sjømat?
– 60 prosent av respondentane i dei 29 landa oppgav at dei et fisk og sjømat. Omtrent ein tredel av desse – 34 prosent av ungdom og vaksne og 33 prosent av gravide – sa at dei et artar med dei høgaste kvikksølvnivåa tre gonger i veka eller meir, seier forskingskoordinator Sofia Ioannidou i EFSA.
Ho understrekar at funna må tolkast med aktsemd på grunn av uvisse om representativiteten i enkelte land.
Kor mykje fisk og sjømat bør me eta?
Dei fleste nasjonale styresmakter i EU tilrår:
- 1–2 porsjonar i veka av artar med høgare kvikksølvgrenser (1,0 mg/kg), eller
- 3–4 porsjonar i veka av artar med lågare grenser (0,5 mg/kg eller 0,3 mg/kg).
Gravide kvinner blir tilrådde ofte å byta ut store rovfisk med mindre artar som inneheld mykje mindre kvikksølv.
I Noreg er det Helsedirektoratet som gir kostråd. Mattilsynet har info om fisk og kvikksølv.
EFSAs vitskaplege råd ligg til grunn for dei nasjonale tilrådingane i EU, og skal sikra at forbrukarar – særleg gravide og fosteret – får helsegevinstane av fisk og sjømat, samtidig som eksponeringa for kvikksølv blir halden lågast mogleg.
Helsegevinstane inkluderer utvikling av kognitiv og immun funksjon hos spedbarn, og dessutan redusert risiko for hjarte- og karsjukdom hos vaksne. På den andre sida er eksponering for metylkvikksølv – den mest skadelege forma for kvikksølv – knytt til redusert hjerne- og nevroutvikling hos fosteret og hos små barn.
Kor godt kjenner forbrukarane kostråda?
For første gong brukte EFSA samfunnsvitskaplege metodar for å undersøkja forståinga til forbrukarane for råda og kunnskapen om risiko og fordelar.
Samfunnsvitar Angela Bearth, medlem av EFSAs vitskaplege komité og del av ekspertgruppa som leidde arbeidet, seier:
– Mange oppgav at dei hadde høyrt om råda i landa sine og tok dei med i matvala sine, men i praksis er det ofte smak, pris og ønsket om eit sunt kosthald som påverkar åtferda mest. Dette er eit velkjent fenomen – folk seier éin ting, men handlar etter andre faktorar.
Kunnskap om fordelar og risiko
Undersøkelsen viser at:
- Rundt 5 av 10 kjende til helsefordelane ved å eta fisk.
- Berre 1 av 10 kjende til risikoen.
Kvikksølv var det klart mest kjende uønskte stoffet.
Funna samsvarer med tidlegare studiar frå europeiske land.
Støtte til nasjonale styresmakter
Rapporten peikar på store forskjellar mellom land og mellom ulike befolkningsgrupper når det gjeld både forbruk og kjennskap til råda. Denne kunnskapen, saman med tilrådde strategiar i rapporten, kan vera eit viktig verktøy for nasjonale folkehelsestyresmakter i kommunikasjonen deira med befolkninga.
Les nyheitssak og rapport hos EFSA: Fish and seafood consumption in the EU: awareness of dietary advice on mercury | EFSA