Risikovurderinger og andre publikasjonerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

EFSA utgir rettleiarar for søknad om godkjenning av helsepåstandar i EU

EUs organ for mattryggleik EFSA har nå publisert dei to siste av i alt seks rettleiarar for bedrifter som vil søkje om å få godkjent helsepåstandar til bruk i EU. Rettleiarane inneheld generelle prinsipp som EFSA legg til grunn ved vurdering av helsepåstandar og krav til vitskapeleg dokumentasjon som må leggjast ved søknaden.

Dei to nyaste rettleiarane gjeld krav til å dokumentere utsegn om effektar på nervesystemet, inkludert psykologiske effektar som hukommelse, konsentrasjon, intelligens og stress, og på fysisk yteevne og styrke.

Tidligare har EFSA publisert rettleiarar for helsepåstandar knytt til fordøyelses- og immunforsvaret, antioksidantar og hjarte-karsystemet, slanking og vektkontroll, og bein, ledd og tannhelse.

Rettleiarane er basert på EFSAs erfaringar frå å evaluere helsepåstandar og på høringsutsegn. Dei skal bidra til å sikre at helsepåstandar mellom anna på emballasje og i annonser er meiningsfulle og nøyaktige.

Ein helsepåstand seier at det er ein samanheng mellom inntak av eit næringsmiddel eller ein ingrediens i eit næringsmiddel og helse.

Meir informasjon her

17.08.2012

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 222 Skøyen
0213 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummer:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie