VKM-logo

Risikovurderingerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

EFSA publiserer rapport frå arbeidsgruppe om utbrot av E.coli O104:H4 i Tyskland og Frankrike

Ein rapport frå EFSA si arbeidsgruppe som bidreg i oppklaringa av E.coli-utbrota i Tyskland og Frankrike er no klar.

Arbeidsgruppa meiner at eit parti med bukkehornskløverfrø frå Egypt, som ein tysk importør har brukt til dyrking av spirer, er den mest sannsynlege linken mellom E.coli-utbrota i Tyskland og Frankrike. Samtidig utelukkar dei ikkje at også andre parti med bukkehornskløverfrø importert frå Egypt i perioden 2009 – 2011 kan vere innblanda.

Basert på funna råder EFSA EU-kommisjonen til å arbeide for å unngå at forbrukarar blir eksponerte for dei mistenkte frøa, og at det blir gjort undersøkingar i alle land som kan ha motteke frø frå dei aktuelle partia.

Arbeidsgruppa understrekar i rapporten sin at ein ikkje kan tolke negative resultat frå mikrobiologiske testar av frø som prov på at eit parti ikkje inneheld shigatoksinproduserande E. coli (STEC).

EFSA opprettheld tilrådinga om at forbrukarane bør rådast til å ikkje dyrke nokon typar spirer heime, og berre ete spirer etter at dei er skikkeleg varmebehandla. 

Les meir og last ned rapporten på EFSA sine nettsider 

05.07.2011

Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM)

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 4404 Nydalen
0403 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummerr:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie