Etter ein gjennomgang av nye data beslutta EU sitt mattryggingsorgan EFSA å oppdatere risikovurderingane deira av røykaromaene Fumokomp og Zesti Smoke Code 10. Røykaromaer er aromastoff ein tilset mat for at han skal smake som om han er røykt.
I 2009 gjennomførte EFSA risikovurderingar av elleve røykaromaer. No har dei beslutta å oppdatere vurderinga av dei to stoffa (Fumokomp og Zesti Smoke Code 10), basert på nye data frå dyrestudiar.
I tillegg har produsenten av Zesti Smoke Code 10 føreslått å senke bruksnivåa for dette stoffet, sidan vurderinga frå 2009 ikkje kunne konkludere med at det var trygt i bruk.
På grunn av mangel på data var det ikkje mogleg å gi ein sikkerheitsmargin for røykaromaet Fumokomp då det blei vurdert i 2009.
Basert på resultata frå den nye dyrestudien meiner EFSA sine ekspertar at det er trygt å bruke Fumokomp i dei mengdene som produsenten føreslår å bruke i matproduksjon.
Når det gjeld Zesti Smoke Code 10, konkluderer EFSA, som i 2009, med at sikkerheitsmarginen er for låg. Bruk av dette røykaromaet ved dei nye føreslåtte bruksnivåa frå produsenten gir framleis grunn til bekymring.
EU-kommisjonen nyttar EFSA sine risikovurderinger av røykaromaer som grunnlag for å avgjere kva røykaromaer ein skal tillate å bruke i mat i EU.
Les meir og last ned den oppdaterte vurderinga på EFSA sine nettsider
Les omtale av EFSA si risikovurdering av elleve røykaromaer frå 2009
09.08.2011
Vitenskapskomiteen for mat og miljø