EFSA oppdaterer råd til forbrukarane om konsum av spirer etter E. coli-utbrotet i Tyskland og Frankrike
EU sitt mattryggingsorgan EFSA fråråder ikkje lengre forbrukarane å dyrke spirer heime eller ete rå spirar. Det kjem etter at bukkhornskløverfrø frå Egypt, som tidlegare i år blei identifisert som den mest sannsynlege kjelda til smitte av E. coli 0104:H4, er fjerna frå marknaden i EU og importrestriksjonar er innført.
EFSA råder no forbrukarar som har spørsmål om konsum av spirar om å spørje nasjonale styresmakter om råd.
Dei oppdaterte råda frå EFSA blir følgt av ein vitskapleg rapport som oppsummerer utbrotet av E. coli 0104:H4 i Tyskland og Frankrike i 2011.
EFSA sitt panel for biologiske farar vil i dei komande vekene publisere ei risikovurdering av spirer og spirande frø på oppdrag for EU-kommisjonen.
Les meir på EFSA sine nettsider
Tidlegare omtale av E. coli-utbrotet i Tyskland og Frankrike:
Risikovurdering av HUS i Bordeaux i Frankrike forårsaka av E.coli O104 (30.6.2011)
05.10.2011