VKM-logo

Risikovurderingerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

EFSA legg grunnlaget for modernisering av kjøtkontrollen i EU

EU sitt mattryggingsorgan EFSA har publisert første del av eit større arbeid som vil vere det vitskaplege grunnlaget for ei modernisering av kjøtkontrollen i EU.

EFSA gjer arbeidet på oppdrag for EU-kommisjonen, og det vil vere samansett av seks delar. Den første delen, som EFSA no har publisert, omhandlar kjøtkontroll av svin.

I den første rapporten har EFSA identifisert og rangert dei viktigaste risikoane knytt til overføring av smitte frå svin til menneske. Vidare har EFSA vurdert styrkar og svakheiter ved dagens kjøtkontroll, og kome med forslag til metodar for å avdekkje smittefare som i dag ikkje blir fanga opp.

EFSA har òg kome med forslag til endringar i metodar og/eller frekvens i inspeksjonar i kjøtkontrollen, basert på rangering av smittefare og epidemiologiske indikatorar.

Les EFSA sine tilrådingar og last ned vurderinga på nettsidene deira.             

Norsk deltakar i EFSA sitt arbeidProfessor Truls Nesbakken ved Norges veterinærhøgskole, og medlem av faggruppa for hygiene og smittestoff i Vitskapskomiteen for mattryggleik, har sete i arbeidsgruppa som er ansvarleg for rapporten, under EFSA sitt panel for biologiske farar

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 4404 Nydalen
0403 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummerr:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie