VKM-logo

Risikovurderingerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

EFSA-høyring om rettleiar for risikovurdering av plantevernmiddel og bier

EUs mattryggleiksorgan EFSA har lagt ut på open høyring eit framlegg til rettleiar for risikovurdering av effektar av plantevernmiddel på bier og humler. Høyringsfristen er 25. oktober 2012.

Føremålet med rettleiaren er å gi produsentar av plantevernmiddel og myndigheiter råd om korleis dei skal evaluere plantevernmiddel og dei aktive stoffa som desse inneheld.

I rettleiaren blir det foreslått eit enkelt og kostnadseffektivt opplegg for risikovurdering i første rekke, til meir komplekse feltstudiar. Målet er å sikre tilstrekkeleg vern for bier og humler.

På visse område manglar naudsyte data, mellom anna om naturleg dødsrate hos bier og kor følsame ulike arter er. Difor er det lagt inn gode marginar for sikkerheit i framlegget til rettleiar.

EFSA vurderer tilbakemeldingar frå interessentar som svært viktig for å ferdigstille rettleiaren. Kommentarane må gis ved bruk av ein elektronisk mal som følgjer med høringsdokumentet.

25.09.2012

Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM)

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 4404 Nydalen
0403 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummerr:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie