Risikovurderinger og andre publikasjonerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

EFSA har vurdert kor trygt det er å bestråle mat

EU sitt mattryggingsorgan EFSA har vurdert kor effektivt bestråling er for å fjerne skadelege bakteriar frå mat, og om det er nokon risiko knytt til stoffa som blir danna når ein bestråler maten.

EFSA konkluderer med at bestråling er eit effektivt tiltak for å fjerne bakteriar som kan forårsake matforgifting. Bestråling åleine er likevel ikkje nok for å sikre trygg mat. Bestråling må vere eitt av fleire tiltak for å redusere førekomsten av smittestoff i mat.

EFSA viser til at dei fleste stoffa som dannast når mat blir bestrålt, også oppstår ved andre typar bearbeidingsprosessar. Nivåa ein finn ved bestråling er samanliknbare med dei ein til dømes finn ved varmebehandling av mat.

EFSA viser til at berre ei svært lita mengde av maten i EU blir bestrålt.

Skadar på katt

I følgje EFSA er det berre eitt funn som peiker i retning av at det kan vere risiko for skadelege effektar ved bestråling av mat. Det dreier seg om nyare studiar som rapporterar om skadar på nervesystemet til katter som var blitt fôra med fôr bestrålt med høge stråledosar.

Funna var berre gjort på katter, og årsaka til kvifor kattene fekk skadar er i følgje EFSA ikkje klargjort i studiane. EFSA meiner ein treng meir forsking for å kunne vurdere kva for relevans desse studiane eventuelt kan ha for vurderinga av risiko for skadar hos menneske.

Bestråling av mat

Bestråling av mat nyttast for å drepe bakteriar som kan forårsake matforgifting, til dømes Salmonella og Campylobacter. Bestråling nyttast òg for å forseinke modning av frukt, og for å hindre at grønsaker som potetar og lauk utviklar knoppar.

I EU må mat og matingrediensar som er bestrålt merkast spesielt. I Noreg er bestråling tillate for krydder og tørre smaksgivarar. 

Les meir og last ned vurderinga på nettsidene til EFSA (blir opna i nytt vindauge).

08.04.2011

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 222 Skøyen
0213 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummer:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie