
Antibiotikaresistens i matkjeda framleis ei utfordring i EU
Antimikrobiell resistens (AMR) i vanlege matborne bakteriar som Salmonella og Campylobacter er framleis ei stor utfordring i EU. Det viser ein ny rapport frå EFSA og ECDC.
EFSA og ECDC er styresmaktene i EU for næringsmiddeltryggleik og smittevern.
Rapporten peikar på at resistens mot fleire hyppig brukte antimikrobielle midlar framleis er utbreidd i bakteriar frå både menneske og matproduserande dyr. Sjølv om fleire land rapporterer framgang, er situasjonen framleis alvorleg i EU.
Sidan slike bakteriar kan spreiast mellom dyr, mat og menneske, og føra til infeksjonar som krev behandling, understrekar EFSA og ECDC behovet for tiltak innanfor Éi helse (One Health)-tilnærminga.
Rapporten inneheld òg tal frå Noreg og Island.
Noreg har lite antibiotikaresistens samanlikna med mange andre land. Den norske Amr-oversikta blir utarbeidd av NORM og NORM-VET, les meir om det hos Folkehelseinstituttet, Veterinærinstituttet, Mattilsynet og Helsedirektoratet.
Framleis høg resistens i vanlege matborne bakteriar i EU
Ein stor del Campylobacter og Salmonella frå både menneske og matproduserande dyr viser framleis resistens mot ciprofloxacin – eit sentralt legemiddel i behandling av alvorlege infeksjonar hos menneske. Resistensen mot ciprofloxacin i Salmonella frå dyr har lenge vore høg, og dei siste åra har òg resistensen i humane salmonella-infeksjonar auka i EU.
Dette er urovekkjande, fordi resistens reduserer effektiviteten av tilgjengelege behandlingsalternativ.
Hos Campylobacter er resistensen no så omfattande at ciprofloxacin ikkje lenger blir tilrådd til behandling av pasientar i EU. For å verna effekten i humanmedisin, er bruken av slike midlar avgrensa i dyrehald.
I tillegg viser bakteriar framleis høg resistens mot vanlege antimikrobielle midlar som ampicillin, tetracykliner og sulfonamid, på tvers av EU.
Påvising av karbapenemaseproduserende E. coli i matproduserande dyr og kjøtt krev særleg merksemd. Karbapenemar er «siste utveg midlar» i behandling av alvorlege infeksjonar hos menneske, og er ikkje godkjent til bruk i produksjonsdyr. Talet på funn aukar, og kjeldene må undersøkjast nærare, skriv EFSA.
Oppmuntrande teikn
Trass i utfordringane, rapporterer fleire land nedgang i resistens mot enkelte antimikrobielle midlar. Dette viser at målretta tiltak kan ha effekt.
For Salmonella er resistensen mot ampicillin og tetracykliner i bakteriar frå menneske redusert betydeleg dei siste ti åra, i høvesvis 19 og 14 land. Liknande positive trendar sest hos matproduserande dyr, mellom anna:
- Tetracyklinresistenshos slaktekylling: nedgang på EU-nivå nivå
- Ampicillin- ogtetracyklinresistenshos kalkun: òg søkkande
For Campylobacter blir det rapportert om nedgang i resistens mot erytromycin, eit førsteval ved behandling, både hos menneske og i enkelte dyrepopulasjonar. Kombinert resistens mot fleire kritisk viktige antimikrobielle midlar er framleis låg hos Salmonella, Campylobacter og E. coli.
Samtidig har tidlegare forbetringar stagnert på nokre område, særleg hos E. coli i fjørfe, der resistensnivåa no har stabilisert seg. Likevel har enkelte land klart å redusera resistens i dyr, noko som bidreg til forbetringar på EU-nivå nivå.
Nødvendig med vedhaldande innsats
Antimikrobiell resistens påverkar heile samfunnet. Når bakteriar blir resistente, blir infeksjonar vanskelegare å behandla, og behandlingsmoglegheitene færre. Resistensnivåa varierer mykje mellom land og sektorar, og speglar forskjellar i bruk av antimikrobielle midlar, dyrehelsepraksis og smitteførebygging.
Funna understrekar behovet for ein effektiv Éi helse-tilnærming, der ein samordnar tiltak i både humanmedisin, dyrehelse og matproduksjonen. Sjølv om det er gjort framsteg, er ansvarleg bruk av antimikrobielle midlar – kombinert med gode smittevernrutinar, dyrehelse og mattryggleik – avgjerande for å avgrensa utviklinga og spreiinga av resistente bakteriar.
Les meir: Antimicrobial resistance in foodborne bacteria remains a public health concern in Europe | EFSA
Kontaktinformasjon
EFSA Media Relations Office
Press@efsa.europa.eu
Tel. +39 0521 036 149