VKM-logo

Risikovurderingerkeyboard_arrow_down

Om EFSAkeyboard_arrow_down

Om VKMkeyboard_arrow_down

Hovedkomiteen og faggruppenekeyboard_arrow_down

Ammonium frå filter for vatn utgjer ingen helserisiko

Ammonium som blir frigjort frå filterpatroner brukt til å reinse vatn utgjer ingen helserisiko for menneske, sjølv ikkje for utsette grupper, går det fram av ei vurdering frå EUs mattryggleiksorgan EFSA.

Filterpatroner kan brukast til å reinse vatn frå springen. I filtreringsprosessen er det eit steriliseringstrinn med damp som gjer at det kan dannast ammonium som følgjer med vantet som blir tappa ut.

EFSA meiner at mengda ammonium (-NH4+) som blir løyst frå filtret (0,05 til 5 mg per liter vann) er ubetydelig
samanlikna med den mengda som blir produsert naturlig i kroppen. Eksempelvis blir det daglig produsert tre-fire gram ammonium i tarmen til ein vaksen person på 70 kg.

EFSA viser til at ammonium finnes naturleg i mange matvarer og er ei viktig kjelde til nitrogen, som pattedyr treng for sentrale kroppsfunksjoner. Det som kroppen ikkje treng, blir brote ned i levera og skilt ut med urinen.

Vurderinga er utarbeidd på oppdrag frå EU-kommisjonen. Kommisjonen bad om å få undersøkt om eit innhald av ammonium mellom 0,5 og 5 mg per liter vatn utgjer nokon helserisiko for menneske ved lang tids konsum, og spesielt for visse utsette grupper, slik som personar med alvorlege lever- eller nyreskadar.

Les heile vurderinga på EFSA sine nettsidar. 

Vitskapskomiteen for mattryggleik er offisielt norsk kontaktpunkt for EFSA.

Publisert: 24.10.2012. Saken blei endra: 25.10.2012

Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM)

T: 21 62 28 00
@: vkm@vkm.no

 

Postboks 4404 Nydalen
0403 Oslo

Besøksadresse:

Sandakerveien 24 C (inngang D11) 0473 Oslo

Organisasjonsnummerr:
983 744 516

 

Nettredaktør: Astrid Tvedt
Ansvarlig redaktør: Ingrid M. Høie