Hopp til innhold Hopp til søk
Forside > Faggruppene > Faggruppen for genmodifiserte organismer > Slik gjøres risikovurderingene

VKM gjer risikovurderingar for Mattilsynet og Miljødirektoratet

Vitskapskomiteen for mattryggleik gjer risikovurderingar av genmodifiserte organismar, på oppdrag for Mattilsynet og Miljødirektoratet.

Slik gjerast risikovurderingar av genmodifiserte organismar

Risikovurderingane er baserte på gjennomgang av innsendt dokumentasjon frå søkjar og informasjon frå uavhengige vitskaplege publikasjonar. VKM si faggruppe for genmodifiserte organismar har tilgang til dokumentasjonen frå søkjar via EFSAs nettside EFSA GMO Extranet. Den enkelte GMO blir risikovurdert i samsvar med tiltenkt bruksområde, og i samsvar med miljø- og helsekrava i norsk og internasjonalt regelverk.

Faggruppa skal ikkje vurdere helse- og miljøeffektar ved dyrking og prosessering utanfor EØS-området, og det ligg heller ikkje i VKM sitt mandat å vurdere etikk, berekraft og samfunnsnytte ved desse produkta.

I kvar enkelt søknad vurderer faggruppa dokumentasjonen frå produsenten med tanke på karakterisering av den innsette genkonstruksjonen, stabilitet og moglegheiter for molekylære endringar, samt uttrykk av dei introduserte gena.

Vurdering av helserisiko

Fundamentet for helserisikovurderingane av GMO er samansett av ei samanlikning av strukturelle og funksjonelle skilnader mellom modifiserte og umodifiserte organismar med tilsvarande genetisk bakgrunn (’vesentleg likskap’).

Ved påviste effektar/endringar blir det gjort ei vurdering om dette kan gi helsemessige konsekvensar. Viss det er tilfellet, blir det gjort ei tradisjonell risikovurdering av den introduserte eigenskapen, til dømes eit nytt protein, på lik linje med kjemiske og biologiske stoff.

Vurdering av miljørisiko

I miljørisikovurderingane faggruppa gjer av transgene plantar, vurderer ein mellom anna om genmodifiseringa har medført endringar i kulturplantens tilpassingsevne. Det kan vere i form av auka persistens på jordbruksareal, eller auka risiko for etablering av forvilte populasjonar utanfor dyrkingsområde.

Vidare vurderast potensialet for spreiing av transgen til andre organismar, både til andre plantar via pollen, frø og vegetative plantedelar, eller via ikkje-seksuell spreiing til bakteriar.

Risikovurderinga diskuterer òg effektar på målorganismane for genmodifiseringa, og moglege ikkje tilsikta effektar på andre organismar. Dette inkluderer raudlista artar.

Vidare blir effektar på jordlevande organismar og jordmiljø, samt moglege miljøeffektar av endra landbrukspraksis, vurdert. Faggruppa gjer òg ei vurdering av forslaget søkjar har til overvakingsplan.

Sist oppdatert 01.07.2011