Hopp til innhold Hopp til søk
Helse- og miljørisikovurdering av det biologiske plantevernmiddelet Macrolophus pygmaeus
Helse- og miljørisikovurdering av det biologiske plantevernmiddelet Macrolophus pygmaeus
Tegning av Torsten Källqvist
Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har gjort ei vurdering av risiko knytt til det biologiske plantevernmiddelet Macrolophus pygmaeus på oppdrag frå Mattilsynet. VKM konkluderer med at Macrolophus pygmaeus inneber låg risiko for miljøet og for dei som skal bruke produktet.

Macrolophus pygmaeus er eit rovinsekt som mellom anna har mellus som byttedyr. Fleire kommersielle plantevernmiddel som inneheld eit rovinsekt av slekta Macrolophus er allereie godkjende i Noreg. Desse midlane vert brukte mot mellus i prydplanter, grønsaker, krydder, frukt og bær som vert dyrka i veksthus, i tunnellar og på opne jorde.

Feilidentifisering av den verksame organismen

Då produkta vart godkjende i 2008, vart den verksame organismen identifisert som M. caliginosus (synonymt med M. melanotoma). Den verksame organismen er no identifisert som M. pygmaeus, og ikkje M. caliginosus.

Mattilsynet har mottatt søknadar om å behalde godkjenninga for preparata, men at artsnamnet vert endra til M. pygmaeus. Mattilsynet har bede VKM si faggruppe for plantevernmiddel om å gjere ei vurdering av miljø- og helserisiko knytt til bruk av M. pygmaeus som plantevernmiddel.

Låg miljørisiko og helserisiko for brukarane

Macrolophus caliginosus finns ikkje naturleg i Noreg, og ei tidligare miljørisikovurdering konkluderte med at M. caliginosus representerte liten miljørisiko. Grunnen til dette var at det er usannsynleg at M. caliginosus vil etablere seg i Noreg.

Macrolophus pygmaeus som ein no søker godkjenning for er allereie etablert i Noreg. VKM meiner det er sannsynleg at rovteiga spreiar seg eller migrerer til det omliggande miljøet dersom rovteiga vert brukt som biologisk plantevernmiddel, men at risikoen for skade på andre organismar enn mellus er låg.

VKM meiner erfaringane og dokumentasjonen som finns for plantevernmiddelet M. caliginosus og gjeld for M. pygmaeus. VKM meiner difor at M. pygmaeus inneber minimal helserisiko for brukarane.

VKM si faggruppe for plantevernmiddel har vore ansvarleg for risikovurderinga.

Risikovurderinga vart publisert 18. mars 2015.

18.03.2015

Vurderingen ble publisert: 18.03.2015

Kontaktinformasjon

Torsten Kâllqvist
Leder av faggruppen for plantevernmidler

 

Astrid Bjerkås

Kommunikasjonssjef i VKM
Tlf. 21 62 28 09
Mobil 94 24 60 55

astrid.bjerkas@vkm.no