Hopp til innhold Hopp til søk

Førebels vurdering

Helserisikovurdering av genmodifisert PT73 E. coli (TM), tørket, drept bakteriebiomasse (EFSA/GMO/FR/2008/59)
Helserisikovurdering av genmodifisert PT73 E. coli (TM), tørket, drept bakteriebiomasse (EFSA/GMO/FR/2008/59)
Foto: iStockphoto

Helserisikovurderinga av PT73 (TM) frå Ajinomoto Eurolysine (EFSA/GMO/FR/2008/59) er utført av faggruppa for genmodifiserte organismar og faggruppa for fôr til terrestriske og akvatiske dyr, i Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM).

Mattilsynet ber VKM om å vurdere biomasse frå den genmodifiserte bakterien Escherichia coli (E. coli) K-12 stamme AG3139, som er modifisert for auka produksjon av L-treonin.

Tørka og granulert biomasse frå E. coli-stamme AG3139 vil bli marknadsført som PT73 (TM) under handelsnamnet PROT-AEL-T, og vil berre bli brukt som tilsetjing til fôrvarer.

Samla vurdering:

Fôringsforsøket viser effektar på rotter som blir rekna som betydelege ved innblanding av biomassen i standardfôr. Endringar som blei påvist hos rotte var på levervekt, nyrevekt, klinisk kjemiske parametrar som kolesterol og fosfolipid, samt trombocytttal. Det lågaste innblandingsnivået det er funne effektar av var 5 % biomasse.

Fordi søkjar ikkje har forsøkt å balansere forsøksfôret ernæringsmessig, dvs. forsøksfôret har ein annan protein-, lipid- og mikronæringsstoffsamansetjing enn standardfôret, er det vanskeleg å konkludere om dei endringane som er funne i forsøk med rotter skyldast biomassen eller ubalanse i den ernæringsmessige samansetjinga.

Faggruppene finn det difor vanskeleg å vurdere om bruk av PT73 (TM) bakteriebiomasse vil medføre endra risiko for dyrehelse samanlikna med anna fôr.

Faggruppene meiner at fôrvarer frå PT73 (TM) bakteriebiomasse ikkje kan vurderast som fôr fordi det er manglar ved analysane av biomassen, og med unnatak for toksisitetssstudiar på rotte er det ikkje gjort toksisitets- og ernæringsstudiar på andre pattedyr og på fisk.

Faggruppene konkluderer difor med at fôrvarer som inneheld PT73 (TM) bakteriebiomasse ikkje kan vurderast helsemessig fordi det manglar viktige fôringsforsøk på pattedyr og fisk.

Publisert 27.09.2010

Vurderingen ble publisert: 27.09.2010

Kontaktinformasjon

Arne Mikalsen
Koordinator for VKM si faggruppe for genmodifiserte organismar
Tlf. 21 62 28 14
arne.mikalsen@vkm.no