Hopp til innhold Hopp til søk
Risikovurdering av heksekost på epletre
Risikovurdering av heksekost på epletre
Foto: iStockphoto

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) meiner at den skadegjerande bakterien ”Candidatus Phytoplasma mali” lett kan spreie seg i Noreg, og at sjukdomen heksekost kan føre til stor økonomisk skade for fruktdyrkarar og planteskular rundt om i landet. Dette går fram av ei risikovurdering som VKM har utarbeidd på oppdrag frå Mattilsynet.

VKM meiner at kraftigare tiltak er naudsynt for å hindre vidare utbreiing av heksekost, blant anna at berre sertifisert og sjukdomsfritt plantemateriale blir brukt i område der sjukdommen ikkje er påvist.

Utbreiing

I 2010 vart det registrert ein markant auke av sjukdomen, som er påvist på epletre i fem kommunar på Vestlandet og ein i Telemark. Heksekost vart først registrert her i landet i 1996, men kan ha vore til stades heilt sidan 1970-talet.

Skadegjeraren greier seg godt under norske klimatiske tilhøve, han har ingen kjente konkurrentar eller naturlege fiendar, og har mange type vertsplanter som er mykje utbreidd her.

Sjukdomen finnes i dei fleste europeiske land og er svært alvorleg for mange store epleprodusentar.

Symptom

Candidatus Phytoplasma mali” infiserer ledningsvevet til treet og kan føre til ulike slag vekstforstyrringar. Dei alvorlegaste konsekvensane er forgreiningar som liknar heksekost på treet, og avlingar som består av få, små og smaklause eple som ikkje kan seljast. Smitta kan liggje latent og gjere det vanskeleg å identifisere sjukdomen.

Nye etableringar og spreiing

VKM meiner at det er svært sannsynleg at skadegjeraren kan komme med importert plantemateriale, og at dette kan føre til nye etableringar her i landet. Sjukdomen blir først og fremst spreidd med infiserte planter og formeringsmateriale som podekvister og grunnstammer. Bladsugande insekt og samanveksing av røter kan og vere viktig for spreiing lokalt.

Strengare tiltak

VKM viser til at nåverande kontrolltiltak ikkje er tilstrekkelege for å utrydde sjukdomen i område der han har etablert seg, men at det sannsynlegvis vil vere mogleg å halde sjukdomen på eit lågt nivå om dagens kontrolltiltak blir kombinert med regelmessige overvakingsprogram, testing av tre i område der skadegjeraren er registrert, og utstrakt bruk av plantemateriale som er testa for sjukdomen.

Men desse tiltaka vil vere kostbare både for produsentar og offentleg sektor.

VKM meiner at det bør vere mogleg å hindre spreiing til distrikt der sjukdomen ikkje er påvist ved å berre tillate bruk av sertifisert, sjukdomsfritt plantemateriale, enten det kjem frå Noreg eller er importert.

Aktuelle tiltak etter dagens regelverk er mellom anna destruksjon av sjuke tre, forbod mot å bruke formeringsmateriale frå frukthagar eller planteskular der sjukdomen er påvist, og pålegg om sprøyting mot insektvektorar.

Oppdraget

Mattilsynet vil bruke risikovurderinga til VKM i sitt arbeid med regelverkskrav og forvaltningspraksis. 

VKM si faggruppe for plantehelse er ansvarleg for risikovurderinga. 

Publisert 13.03.2012

Vurderingen ble publisert: 13.03.2012

Kontaktinformasjon

Arild Sletten
Medlem av VKMs faggruppe for plantehelse
Tlf. 905 26 644
Send e-post til Arild Sletten

 

Astrid Bjerkås
Kommunikasjonsrådgiver i VKM
Tlf. 94 24 60 55 
astrid.bjerkas@vkm.no