Hopp til innhold Hopp til søk
Vurdering av planteskadegjeraren Anoplophora chinensis
Vurdering av planteskadegjeraren Anoplophora chinensis
Foto: Ciampitti Mariangela

Dei delane av landet som har mildast klima vil vere mest utsette for at den skadegjerande asiatiske billa Anoplophora chinensis, som angrip lauvtre og busker. Mange område frå svenskegrensa til Møre har truleg mildt nok klima til at billa kan klare seg, går det fram av ei risikovurdering som Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har utarbeidd på oppdrag frå Mattilsynet.

VKM vurderer det som middels sannsynleg at billa A. chinensis etablerer seg i Noreg. Det er mykje usikkerheit knytt til denne vurderinga, hovudsakleg fordi ein manglar kunnskap om evne hos billa til å overleve vinteren.

VKM vurderer det som svært sannsynleg at billa kan bli importert med planter og formeringsmateriale frå Asia, og spesielt med lønn. Om ho etablerer seg, blir det vurdert som middels sannsynleg at ho vil spreie seg i Noreg.

Spreiing over større område vil kunne vere med planter og formeringsmateriale. Billa vil også kunne spreie seg lokalt.

Store økonomiske konsekvensar

Skadepotensialet blir vurdert som stort, om billa etablerer og spreier seg i Noreg. A. chinensis kan angripe og drepe mange slags lauvtre og busker, og det blir rekna med at ho vil kunne gjere stor skade på grøntanlegg, parkar, hagar og lauvskog.

Spesielt område med mykje frukttre og planteskular kan bli hardt ramma.

Utbreiing

A. chinensis er påvist i fleire europeiske land og i Nord-Amerika. Der har billa vist seg å vere svært tilpassingsdyktig og ein trussel mot økosystem og ei rekkje økonomisk viktige treslag. Land som Italia, Nederland og USA har brukt store summar på utryddingstiltak.

A. chinensis er ein utbreidd skadegjerar i Sør-Aust Asia, der billa opphavleg kjem frå.

Tiltak

VMK konstaterer at det finns ingen effektiv metode for å bekjempe A. chinensis anna enn ved hjelp av sprøytemiddel, men det er usikkert kor mykje dette tiltaket er brukt.

VKM har identifisert to moglege effektive, førebyggande tiltak for å sikre at planter i planteskular i infiserte område i eksportland ikkje blir smitta. Det eine er å sikre at plantene har vokse i eit område som er vist å vere fri for billa (ikkje-infisert område).

Et anna tiltak er å innføre krav om at plantene skal ha vokse i ein periode på minst tre år i eit ikkje-infisert område før import. Det meste av importert lønn kjem truleg til Noreg via Belgia, Nederland eller Tyskland. Med ei slik «buffertid» vil sjansen for å innføre skadegjeraren bli betydeleg redusert. Ein internasjonal standard for å opprette eit ikkje-infisert område eksisterer allereie.

Oppdraget 

Mattilsynet vil bruke risikovurderinga til VKM som eit grunnlag for å vurdere om A. chinensis bør bli regulert som ein karanteneskadegjerar i Noreg og om det bør settast i verk særlege plantesanitære tiltak for å hindre at billa blir innført til landet.

VKM si faggruppe for plantehelse er ansvarleg for risikovurderinga.

Publisert 13.03.2012

Vurderingen ble publisert: 13.03.2012

Kontaktinformasjon

Elin Thingæs Lid
Koordinator for faggruppen for plantehelse
Tlf. 21 62 2811
elin.thingnaes@vkm.no