Hopp til innhold Hopp til søk
Vurdering av risiko for dårleg dyrevelferd ved hald av visse artar reptiler og amfibium
Vurdering av risiko for dårleg dyrevelferd ved hald av visse artar reptiler og amfibium
Foto: iStockphoto

Eksotiske dyr er inga einsarta gruppe, men felles for artane som Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har vurdert, er at det krevjast høg kompetanse blant dyreeigarane om hald og stell av den enkelte arten for å unngå at dyra lid. Nokre artar, spesielt amfibia, krev forsiktig handtering for å unngå å bli skadd. Mange av artane kan dessutan smitte menneske med sjukdom om ein ikkje er nøye med hygiene.

Det er konklusjonen i ei risikovurdering VKM har utført på oppdrag for Mattilsynet.

Mattilsynet har bedd VKM om ei vurdering av risiko for dårleg velferd hos 31 artar reptil og amfibium (ni slangar, ti øgler, fire skjelpadder, åtte amfibium), viss desse blir halde i private heimar. I tillegg ønskte Mattilsynet ei vurdering av risiko for overføring av smitte frå desse dyra til menneske og ville dyr.

Bakgrunnen for oppdraget er at Landbruks- og matdepartementet har bedd Mattilsynet om å foreslå ei liste over reptil og amfibium som eventuelt skal bli tillatne å halde i private heimar.

Mattilsynet har fått eit forslag frå Norsk Herpetologisk Forening på 31 reptil- og amfibieartar som VKM er blitt bedd om å vurdere. Mattilsynet vil leggje risikovurderinga frå VKM til grunn i arbeidet med tilrådinga til Landbruks- og matdepartementet (LMD). Det er LMD som avgjer om ein skal lempe på forbodet.

VKM konkluderer:

Risiko for skadar ved handtering

Risikoen for at reptil og amfibium mistrivast eller blir skadd når ein handterer dei, varierer mykje frå art til art. Forsking tyder på at reptil og amfibium kan oppfatte smerte.

Dei fleste reptila har låg risiko for å bli skadd viss ein handterer dei forsiktig (unnataka er hagetreboa, grøn trepyton, stor daggekko og perlefirfisle, som lett blir skadde), medan alle amfibia har hud som lett blir skadd ved uforsiktig handtering.

Risiko for mistrivsel

Habitata til lite domestiserte dyr bør etterlikne dyra sine levemiljø i naturen, for å minimere risikoen for at dyra lid. Ulike artar av reptil og amfibium kan ha svært ulike krav til fysisk miljø, klima, fôr og stell. Mange er i liten grad sosiale og bør haldast åleine.

Reptil og amfibium viser ikkje tydelege teikn ved stress, frykt og anna liding. Det er difor stor risiko for at dyra lid viss eigarane ikkje er påpasselege med å oppfylle alle miljø- og klimabehov i dyras ulike livsfasar. Naudsynt kompetanse blant dyreeigarane, slik Dyrevelferdslovens § 6 krev, er difor viktig for å redusere risiko for liding.

Kameleonar mistrivst lett, og trefarga dvergfrosk og mjølkefrosk er relativt krevjande å halde. Utan krav til spesialkompetanse ut over det den vanlege, interesserte hobbyhaldar kan tilegne seg, vurderast dei andre artane å ha moderat risiko for mistrivnad.

Risiko for overføring av smitte til menneske

Det er fleire sjukdommar som kan smitte frå eksotiske dyr til menneske, spesielt salmonella. Reptil- og amfibiumhaldarar må difor vise ein konsekvent god hygiene, ikkje minst handhygiene etter stell av dyra, og dei må halde små barn og menneske med svekka immunforsvar unna dyra.

Viss eigarane etterlever dette, vurderast risiko for å bli påført smitte som moderat til liten.

Risiko for at menneske blir skadd

Alle slange- og øgleartane VKM har vurdert kan bite, men det er berre kongeboa og teppepyton som kan gi alvorlege bittskadar. Alle dei vurderte slangane er kvelande slangar som kan gi klemskader, men faren for alvorlege skadar er svært liten.

Ingen av dei aktuelle reptila er giftige, men nokre av amfibia har et giftig hudsekret. Viss ein ikkje i tilstrekkeleg grad tek omsyn til desse eigenskapane, er det stor risiko for at menneske kan bli påført forgiftingar, bitt- eller klemskadar frå enkelte av artane.

Risiko for overføring av smitte til ville dyr

I land som Noreg kan samanlikne seg med, har import av amfibium ført til at ville stammer av amfibium har blitt smitta og dødd av dei alvorlege sjukdommane ranavirus og chytridsopp. Ein spekulerer i om chytridsopp stammar frå ville populasjonar av klofrosk i Sør-Amerika.

VKM meiner at risikoen er svært høg for at chytridsopp også kan spreie seg til vill fauna i Noreg, viss det blir tillate å halde klofrosk i private heimar.

Risiko for at sjuke dyr ikkje får naudsynt veterinærbehandling

Behandling av sjuke reptil og amfibium krev spesiell kompetanse som berre enkelte veterinærar har i dag. Det vil difor vere høg risiko for at det ikkje finst veterinær med slik spesiell kompetanse på desse artane i nær avstand til der dyra haldast.

Ein må rekne risikoen for manglande behandling eller feilbehandling for høg.

Risiko for villfangst

Fleire av dei vurderte artane står på lista over trua dyreartar. Dei fleste reptila og amfibia som blir omsett i Noreg kjem frå oppdrett. Med pigghaleagam som mogleg unnatak, vil fangst frå vill tilstand og påfølgjande transport til Noreg vere lite aktuelt for dei 31 artane VKM har vurdert.

Ein kan redusere risiko for ulovleg import om ein innfører krav til opphavsattest eller prov for at dyra er alt opp i fangenskap.

Risiko for at dyra lid under transport

Dersom ein følgjer praktiske råd, sikrar dyra riktig temperatur og klima og held dei enkeltvis under transport ved import, meiner VKM at risikoen for at dyra lid under transport vil vere moderat til liten.

Risikovurderinga blei publisert 10.1.2011