Hopp til innhold Hopp til søk
Risikovurdering av effekten av dyretettleik på dyrevelferda for slaktekylling
Risikovurdering av effekten av dyretettleik på dyrevelferda for slaktekylling
Foto: iStockphoto

Det er eit mishøve mellom norske forskrifter og EU sitt regelverk når det gjeld største tillate dyretettleik i slaktekyllingproduksjonen. Faggruppe 8 har gjort ei risikovurdering av effekten av dyretettleik på velferd for slaktekylling.

Faggruppa konkluderer med følgjande:

  • Det var ikkje mogleg å finne inngåande og direkte studiar av effekten av dyretettleik på sosiale tilhøve, aggresjon og frustrasjon.
  • Det er få dokumenterte effektar av dyretettleik på fysiologisk stress. Ei rekkje effektar på andre atferdselement og helseparametrar, viser at dyretettleik over 25 kg/m2 påverkar dyrevelferda negativt. Når dyretettleiken aukar over 33 kg/m2, forverrast velferda ytterlegare.
  • Kor mykje åtferd og helse blir endra ved dyretettleikar på inntil respektive 34, 39 og 42 kg/m² er presentert i konklusjonen på slutten av dokumentet. Ein konkluderer med at dyretettleiken må vere under 25 kg/m2 for å unngå dei større velferdsproblema, og at dyrevelferda forverrast ytterlegare ved ei tettleiksauking opp mot 42 kg/m2. Det var derimot ikkje mogleg å finne informasjon om kva effekt dyretettleik har på aggresjon, stereotypiar, fjørplukking eller kannibalisme.
  • Få av studiane som undersøkjer effekten av varierande dyretettleik undersøkjer samtidig effekten av optimale og dårlege miljøforhold. Ei auking i dyretettleik frå 34 til 42 kg/m2 har ei rekkje negative konsekvensar for produksjonsmiljøet, og i mange tilfelle blir dyrevelferda påverka negativt ved at produksjonsmiljøet forverrast. Parametrar som blir negativt påverka er strøkvalitet, der ein får fuktigare strø, skorpedanning og ei auking i skadelege gassar, til dømes ammoniakk. Med aukande dyretettleik får ein òg redusert varmetap på grunn av fysisk kontakt med dyra,kombinert med at luftskifte ikkje aukar tilsvarande. Risiko for dødelegheit knytt til teknisk svikt i ventilasjonsanlegget og varmestress aukar betrakteleg ved auking i dyretettleik.
  • Tiltak retta mot optimalisering av miljøforhold kan i teorien redusere nokre av dei negative effektane auka dyretettleik har på dyrevelferda. Det er derimot vanskeleg å sjå korleis betra røkt og optimalisert miljø kan motverke auka konkurranse om ressursar, problem med temperaturregulering og hudskadar forårsaka av at dyra må gå oppå kvarandre for å få tak i mat og vatn, utan samtidig å redusere dyretettleiken.

Kunnskapsbehov

Det er dokumentert ei rekkje negative effektar av aukande dyretettleik på åtferd og helse hos slaktekyllingar. Det er liten tvil om at auka dyretettleik hos slaktekylling er assosiert med redusert dyrevelferd.

Likevel er det ikkje funne eksperimentelle studiar som undersøkjer korleis samspelet mellom dyretettleik og andre miljøforhold påverkar dyrevelferda.

Slike studiar hadde vore til hjelp ved vurdering av korleis ein kan motverke ugunstige effektar av aukande dyretettleik. Det er heller ikkje funne forskingsbasert informasjon vedrørande kva effekt dyretettleik har på sosiale forhold for slaktekylling. Unnataket var for frekvensen av forstyrringar som auka med aukande dyretettleik.

Det var ingen konkret informasjon om korleis aukande dyretettleik eventuelt kan framprovosere aggresjon, frustrasjon, stereotypiar, fjørplukking eller kannibalisme.

Ein treng difor nye forsøk som klarlegg dei emosjonelle og motivasjonsmessige konsekvensane av varierande dyretettleik for slaktekyllingar, viss ein skal kunne svare på det opphavlege spørsmålet frå Mattilsynet om effekt av auka dyretettleik i slaktekyllingproduksjonen.

Publisert 28.08.2008 

Vurderingen ble publisert: 28.08.2008

Kontaktinformasjon

Ingfrid Slaatto Næss
Koordinator for VKMs faggruppe for dyrehelse og dyrevelferd
Tlf. 21 62 28 10
ingfrid.slaatto.naess@vkm.no