Hopp til innhold Hopp til søk
Risikovurdering av hald av kylling - lysforhold
Risikovurdering av hald av kylling - lysforhold
Foto: iStockphoto

VKM si faggruppe for dyrehelse og dyrevelferd har, på spørsmål frå Mattilsynet, utført ei risikovurdering for dyrevelferd og konsekvensar for dyreåtferd knytt til lysintensitet og lysprogram for rom der ein held kylling. Risikovurderinga gjennomgår dokumentasjon knytt til lysintensitet og gradvis overgang mellom lys og mørke for kylling, verpehøns og kalkun, og ser på definisjonen av mørke.

Lysintensiteten kan påverke mange aspekt av velferda for kylling, verpehøns og kalkun. Fjørfe kan utvikle augeproblem dersom dei blir alt opp i svakt lys eller i kontinuerleg opplyste rom.

Det er motstridande dokumentasjon om effekten av lysintensivitet på fjørhakking. Enkelte studiar har vist auka hakking i høg lysintensivitet, medan andre ikkje har funne nokon effekt av denne. Det kan skyldast ulike aspekt ved miljøet elles.

Fuglar ser ut til å ha redusert frykt for menneske ved 5 lux, men det er usikkert om dette skyldast lysintensiviteten i seg sjølv eller dei relative endringane i lysintensivitet. Både høns og kalkun ser ut til å føretrekkje eit kraftig opplyst miljø (200 lux) når dei er to veker gamle, men 6 veker gamle høns føretrekk meir dempa lys.

Kalkunar opprettheld deira preferanse for lysare omgivnader (20-200 lux), og unngår å gå inn i område med mindre enn 1 lux. Før ein kan trekkje sikre konklusjonar, er det naudsynt å sjå på effektane av lysintensitet i større skala.

Fjørfe kan ha føremon av ein gradvis overgang mellom lys og mørke, spesielt for å signalisere at natta er på veg (skumring).

Det er mindre sannsynleg at det er naudsynt med ein tilsvarande overgang frå mørke til lys (daggry).

Sjølv om det er naudsynt å sjå nærare på dette spørsmålet, tyder dei studiane som er gjennomgått her på at det spesielt vil gi frittgåande høns tid til å finne eit sted for å vagle seg for natta. I tillegg er det vist at høns et meir når lyset dempast gradvis, slik at dei får i seg nok mat til å kome gjennom natta.

I vill tilstand vil fjørfe ofte finne eit sted for natta 30-60 minutt før det blir mørkt, men i eksperimentelle studiar har det vist seg at mykje kortare periodar, ned mot 5-10 minutt, har effekt på verpehøns. Det trengs meir forsking før ein kan seie sikkert kva som er dei optimale periodane for overgangen mellom lys og mørke.

Svært få faglege publikasjonar har definert lysnivået gjennom den mørke perioden, og det er svært variabelt korleis mørket er definert i desse publikasjonane.

Frå dei tilgjengelege kjeldene er det ikkje mogleg å gi nokon absolutt terskel for kva som oppfattast som mørkre av fjørfe.

Dette er eit felt der det er et akutt behov for meir forsking, sidan det kan ha stor verdi for dyrevelferd.

Ein vitskapeleg rapport om dyrevelferd og åtferdskonsekvensar av lysintensivitet og lysprogram er utført for VKM av ein ekspert ved Universitet i København, og denne har danna grunnlaget for risikovurderinga.

Publisert 25.06.2008