Hopp til innhold Hopp til søk
Positivliste over dyr tillate for framsyning i sirkus
Positivliste over dyr tillate for framsyning i sirkus
Foto: iStockphoto

Mattilsynet ønskte å gjere ei grundig vurdering av kva for artar som er egna som sirkusdyr i Noreg. Faggruppe for dyrehelse og dyrevelferd i VKM blei difor bedd om å utføre ei risikovurdering knytt til om visse dyreartar egnar seg for framsyning i sirkus.

Mattilsynet bad om at vurderinga såg spesielt på indisk elefant og kameldyr, då kunnskapar om desse artane ikkje er like tilgjengelege som for dei som tradisjonelt har vore halde i Noreg.

VKM blei òg spurt om å kome med eventuelle tilrådingar av spesielle vilkår som bør knytast til framsyningsløyvet for den enkelte dyreart.

Det er gjort svært få undersøkingar som viser kva for påkjenningar dyr blir utsette for i sirkus, noko som gjer det vanskeleg å trekkje konklusjonar. Svara VKM kom med på spørsmåla frå Mattilsynet varierte mykje frå dyreart til dyreart, slik at ein samla konklusjon vil bli lite nyansert.

Det er usikkert om det i framtida er mogleg å rekruttere sirkuselefantar gjennom avl i fangenskap og det er difor svært sannsynleg at ein i framtida må fange inn sirkuselefantar frå ville populasjonar. Desse dyra vil då ikkje vere domestiserte.

For elefantar skildrar litteraturen ein såkalla ”breakdown” som ein praksis i asiatiske land for å temje ein elefant.

Viss ein nyttar denne metoden på elefantar i dag, er dette ikkje dyrevelferdsmessig forsvarleg. Den seinare innlæringa av oppgåver vil sannsynlegvis kunne skje ved tradisjonelle læringsmetodar.

For dei andre dyreartane kan ein ikkje påpeike spesielle dyrevelferdsmessige problem ved dressur/trening.

Generelt vil transport vere ei påkjenning for eit dyr, men dyr på sirkus vil vere vane til transport. Dessutan vil dei bli transporterte i det rommet dei vanlegvis oppheld seg i.

Krav til klima kan bli tilfredsstilt for alle dyreartane slik at geografiske avgrensingar ikkje er naudsynt. Det er lite truleg at nokre av dyreartane under oppstalling vil bli eksponerte for støy og lys som dei ikkje kan tilpasse seg.

Det er lite vitskapleg dokumentasjon på arealkrav til fleire av dyreartane, men for mange av dyreartane vil areala til disposisjon ikkje tilfredsstille trongen til fri rørsle og mosjon. Trongen til fri rørsle er særleg viktig for elefant og hest.

I utgangspunktet er det mogleg å tilfredsstille krava om fôr og stell til alle dyreartane i sirkus.

For mange av dyreartane er det ukjent korleis dei reagerer på lyd og lys i eit sirkus, men ein kan anta at dei fleste individ kan venne seg til støy og lys under framsyning.

Dyra blir vanlegvis ikkje trena i Noreg, og ein kjenner difor ikkje kva for treningsmetodar som nyttast. Under føresetnad av at treninga føregår ved bruk av positiv forsterking, er det likevel liten grunn til å anta at ein utsett dyra for utilbørlege påkjenningar ved innlæring av oppgåver.

Det finst lite dokumentasjon på at oppgåvene dyra gjer under framsyning er direkte årsak til fysisk skade.

Det er i utgangspunktet ønskeleg med god kompetanse om alle desse dyreartane, både når det gjeld trening, hald, stell og dressur.

Det syner seg vanskeleg å gjennomføre eit slik krav, då dyr og trenar oppheld seg midlertidig i Noreg. Dessutan importerast ulike dyr med trenar for kvar nye sirkussesong. Bortsett frå for elefant og kamel, vil det vere god tilgang til veterinærhjelp ved skade og sjukdom.

Rapporten påpeiker at det et gjort svært få vitskaplege undersøkingar som direkte viser kva for påkjenningar dyr utsetjast for i sirkus, både når det gjeld oppstalling, transport, trening og framsyning. Dette er difor eit område ein treng forsking på.

Dyr i sirkus omfattar eit svært lite tal dyr, slik at kostnadane vil vere høge samanlikna med nytteverdien.

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) nedsette ei eiga ad hoc-gruppe, beståande av både eit medlem av VKM og eksterne ekspertar, for å utreie spørsmåla frå Mattilsynet. Rapporten frå ad hoc-gruppa er brukt som grunnlag for faggruppa sine konklusjonar.

Publisert 25.06.2008

Vurderingen ble publisert: 11.06.2008

Kontaktinformasjon

Ingfrid Slaatto Næss
Koordinator for VKMs faggruppe for dyrehelse og dyrevelferd,
Tlf. 21 62 28 10
ingfrid.slaatto.naess@vkm.no