Hopp til innhold Hopp til søk
Helserisikovurdering av soppmiddelet Frupica med det verksame stoffet mepanipyrim
Helserisikovurdering av soppmiddelet Frupica med det verksame stoffet mepanipyrim
Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har på oppdrag frå Mattilsynet vurdert ny dokumentasjon for plantevernmiddelet Frupica SC.
Frupica SC er eit plantevernmiddel som inneheld det verksame stoffet mepanipyrim. VKM risikovurderte Frupica SC i 2010.

VKM konkluderte då at mepanipyrim kan vere kreftframkallande og at data for arvestoffskade var ufullstendige.

M11 er eit stoff som dannast når mepanipyrim blir broten ned. Mattilsynet har bedt firmaet som har søkt om løyve for Frupica SC om meir informasjon om M11. Søkkar har levert inn eit nytt Comet-forsøk for M11. Eit Comet-forsøk gjev informasjon om stoffet sine arvestoffskadelege eigenskapar. Mattilsynet har bedt VKM om å vurdere forsøket.

Basert på den nye informasjonen, konkluderer VKM med at det ikkje er sannsynleg at mepanipyrim gjev svulstar i rottar ved ein arvestoffskadeleg mekanisme.

VKM si faggruppe for plantevernmiddel har vore ansvarleg for risikovurderinga.

Risikovurderinga blei publisert 23. januar 2014.