Hopp til innhold Hopp til søk
Helse- og miljø-risikovurdering av nytt soppmiddel, Luna Privilege
Helse- og miljø-risikovurdering av nytt soppmiddel, Luna Privilege
Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har på oppdrag frå Mattilsynet gjort ei vurdering av helse- og miljørisiko knytt til eit nytt soppmiddel, Luna Privilege. VKM konkluderer med at fleire av dei toksiske effektane som er funne i eksperimentelle studiar òg kan gjelde for menneske, og at det aktive stoffet har eigenskapar som kan føre til ureining av grunnvatn.

Luna Privilege er eit nytt soppmiddel til bruk i eple , pære, jordbær, salat, erter, bønner og tomatar. Luna Privilege inneheld det nye aktive stoffet fluopyram.

Risikovurdering

Vurderinga bygger på eksisterande dokumentasjon frå søkjar, uavhengig vitskapleg litteratur og anerkjend metodikk, og vil bli brukt av Mattilsynet i vurdering av søknad om registrering av Luna Privilege i Norge.

VKM er av den oppfatning at dei funn av svulstar som er gjort i eksperimentelle studiar på rotte og mus, og observerte effektar på fosterutvikling hos rotte og kanin må takast med når ein skal vurdere helserisiko for Luna Privilege.

Vidare er VKM av den oppfatning at det aktive stoffet fluopyram har eigenskapar som gjev risiko for ureining av grunnvatn. VKM peiker òg på risiko for toksiske effektar på fugl for enkelte bruksområde av Luna Privilege.

Risikovurderinga ble publisert 19.02.2014

Vurderingen ble publisert: 19.02.2014

Kontaktinformasjon

Edgar Rivedal
Koordinator for faggruppen for plantevernmidler
Tlf. 21 62 28 20
edgar.rivedal@vkm.no