Hopp til innhold Hopp til søk
Helserisikovurdering av soppmiddelet Aviator Xpro EC 225
Helserisikovurdering av soppmiddelet Aviator Xpro EC 225
Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) meiner at det ikkje føreligg nok vitskapleg dokumentasjon til at ein kan utelukke at eit nedbrytingsprodukt frå eit av dei aktive stoffa i soppmiddelet Aviator Xpro EC 225 kan føre til skade på arvestoffet. VKM meiner vidare at eksperimentelle funn frå studiar på kanin kan tyde på at dette nedbrytingsproduktet kan gje misdanningar hos foster.

Det kjem fram i ei risikovurdering der Vitskapskomiteen for mattryggleik på oppdrag for Mattilsynet har vurdert mogeleg helsefare som fylgje av ureining av grunnvatn ved bruk av eit nytt soppmiddel, Aviator Xpro EC 225.

Aviator Xpro EC 225 er eit nytt soppmiddel til bruk i korn. Aviator Xpro EC 22, inneheld det nye aktive stoffet bixafen og det alt godkjente stoffet prothioconazole. Prothioconazole vart vurdert av Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) i 2006, og bixafen våren 2013.

VKM konkluderte med at eit nedbrytingsprodukt (metabolitt) av bixafen, kalla M44, har eigenskaper som gjer det mogeleg for den å ureine grunnvatn. VKM vart difor beden av Mattilsynet om å vurdere kva helserisiko M44 kan utgjere for menneske.

Nedbrytingsprodukt er nye stoff som blir danna når eit stoff blir brote ned, til eksempel i jord. Nedbrytingsprodukt kan vere meir eller mindre giftig enn det opphavlege stoffet. Når VKM gjer ei risikovurdering av eit stoff, vurderer vi òg kva risiko nedbrytingsprodukta kan utgjere for miljøet og helsa til menneske.

Vurdering av helserisiko

VKM er generelt skeptisk til plantevernmiddel der aktive stoff eller nedbrytingsprodukt er i stand til å nå og ureine grunnvatn. Dette er aktuelt for eitt av de aktive stoffa i Aviator Xpro EC 22, bixafen, som gjev opphav til eit nedbrytingsprodukt kalla M44.

Nedbrytingsprodukt med eigenskapar som gjer dei i stand til å ureine grunnvatn vert vurderte i samsvar med eit bestemt rettleiingsdokument (Council Directive 91/414/EEC). I ein stegvis prosedyre skal ei rekke spørsmål svarast på og gje grunnlag for den endelige avgjerda om enten å akseptere eller avslå søknaden om godkjenning av plantevernmiddelet.

VKM sin hovudkonklusjon er at dei resultata frå in vitro-forsøka ikkje gjev tilstrekkeleg sikkerheit for at M44 er utan risiko for å kunne føre til skade på arvestoffet sidan det ikkje føreligg resultat frå studiar frå dyreforsøk.

Vidare er VKM av den oppfatning at dei observerte misdanningane i foster frå kanin er framkalla av nedbrytingsproduktet M44, og at ein liknande effekt på menneske ikkje kan utelukkast.

Risikovurderinga ble publisert 04.02.2014